– Homofili er korkje syndig eller u-afrikansk

Magnus Rotevatn
Publisert

I fleire afrikanske land er forholda for skeive vanskelege. Mellom anna har både religion og kolonialisme sett djupe spor.

Evans Onsare (37), som opphaveleg er frå Kenya, fortel frå heimlandet sitt då Framtida.no møter han i Oslo:

– Seksualitet var ikkje noko som blei snakka om. Samfunnet var veldig konservativt. Men eg har alltid visst at det var noko med meg som andre ikkje forstod.

Evans Onsare. Foto: Magnus Rotevatn

Del av ein større kontekst

Onsare fortel at mor hans var ein veldig god historieforteljar. Då han var omkring femten år fortalde ho at tidlegare fekk kvinner som tilhøyrde Kisii-samfunnet gifta seg med kvinner. Dette kunne til dømes skje når dei var enker og trong hjelp til hushaldet.

– Sjølv om forholda mellom desse kvinnene ikkje var seksuelle, hjelpte dei meg å forstå. Eg var del av ein større skeiv kontekst, seier Onsare.

Har gått framover

Halvparten av landa der homofili er kriminalisert er afrikanske. Dei fleste lovene som rammar skeive er arv frå kolonitida, dette er tilfelle i Kenya òg.

Etter at Kenya fekk ny grunnlov i 2010 har delar av den skeive rørsla forsøkt å få domstolane til å erklæra dei aktuelle delane av straffelova som ukonstitusjonelle. Til no har dei ikkje vunne fram.

Likevel meiner Onsare at situasjonen har betra seg sidan han vaks opp.

– Dei yngre generasjonane er meir aksepterande.

Tre ungar i Kenya

Evans Onsare meiner at dei oppveksande generasjonane i Kenya er meir aksepterande.
Foto: Esin Üstün / CC BY-SA 4.0

Særleg viktig er det at det skeive miljøet har fått høve til å organisera seg. Det finst no fleire aktive organisasjonar. Eit gjennomslag kom tidlegare i år då kenyansk høgsterett nekta styresmaktene å hindra registreringa av organisasjonen National Gay and Lesbian Human Rights Commission.

I tillegg har intersex blitt eit juridisk kjønn, og det er no ulovleg å undersøkja analopninga viss nokon er mistenkte for å ha hatt homofil sex.

Auka motstand

Når skeive har blitt meir synlege, har også motstanden auka – og politikarar kjem med hatske utspel mot skeive for å vinna oppslutnad. Dette er eit fellestrekk for store delar av Aust-Afrika.

I Uganda blei det tidlegare i år innført livstid- og dødsstraff for homofil sex. Lova inkluderer også eit forbod mot å identifisera seg som skeiv, plikt til å melda ifrå om ein kjenner nokon i likekjønna forhold og eit forbod mot å støtta arbeid for LHBT-rettar.

Ugandarar deltek i Pride-paraden i London i 2016
Foto: Katy Blackwood / CC BY-SA 4.0

I omkringliggjande land er ein redd for ein dominoeffekt. I samband med innføringa av lova tok Ugandas president, Yoweri Museveni, til orde for at Afrika burde leia verda i kampen mot homofili.

Det er teikn på at Museveni ikkje snakka til dauve øyre. Både i Kenya, Tanzania og Sør-Sudan arbeider parlamentarikarar med lovforslag inspirert av den ugandiske lova.

Eit paradoks

Onsare meiner det er eit paradoks at afrikanske leiarar brukar motstand mot skeive for å byggja opp om afrikansk sosialisme.

– Det hender at eg seier at me burde dra tilbake til før-kolonial tid. Røtene til mykje av motstanden mot homofile finst hjå misjonærane og kristendommen.

Desmond Tutu (1931-2021) var ein viktig aktør i kampen mot apartheid. Han er kjent for sitatet: «Då misjonærane kom til Afrika hadde dei Bibelen, og me hadde landet. Dei sa: ‘Lat oss be’. Me lukka auga. Då me opna auga, hadde me Bibelen og dei hadde landet.» Foto: FN/Jean-Marc Ferre/CC BY 2.0

– På lengre sikt er eg optimist

Religion spelar ei stor rolle. Ifylgje Onsare vil eit viktig spor i kampen for kåra til dei skeive føregå i kyrkjene og andre religiøse miljø.

– I kyrkjene blir det arbeidd med å lesa bibelen på nye måtar sånn at folk forstår at det handlar om kjærleik. 

Dette trur Onsare at kan hjelpa folk til å få eit nytt syn på seksualitet og forstå at det korkje er syndig eller u-afrikansk.

– Akkurat no er eg bekymra over situasjonen. Eg er bekymra over lovforslaget i parlamentet, og eg er bekymra med tanke på det politiske leiarskapet i Kenya. Men på lengre sikt er eg optimist. Det skjer ei sosial endring, sjølv om det går sakte, avsluttar Onsare.


To personar held hender. Den eine har regnbogesokkar.

Skeive ugandiske flyktningar i Kenya som er ferdig med ein handletur i juni 2020. I heimlandet deira er det ulovleg å vere homofil, og presset aukar på LHBT+-miljøa. Foto: AP Photo/Brian Inganga, File