Regjeringa opprettar ein minnestad for terrorangrepet i Oslo 25. juni 2022

Regjeringa skal etablere ein eigen minnestad for terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

På dagen tre år etter terrorangrepet der to menneske vart drepne og fleire skadde, seier kulturminister Lubna Jaffery (Ap) til VG at regjeringa har bestemt at det skal opprettast ein minnestad.

– Det skal vere ein stad for kollektiv sorg, refleksjon og motstand. Og eit uttrykk for at fellesskapen står opp mot hat og vald. Eg er jo oppteken av at denne minnestaden skal formast ut saman med støttegruppa, og at deira tankar knytte til ein sånn minnestad skal bli høyrde, seier Jaffery til avisa.