Skeiv Ungdom: – Terrorhendinga er eit sterkt signal om at det skeive miljøet ikkje er like trygt som folk har inntrykk av

Jonas Yang Tislevoll
Publisert
Oppdatert 28.06.2023 12:06

Skeiv Ungdom: – Medlemmene våre kjenner på ei større usikkerheit

– Det siste året har vi fått tilbakemeldingar og signal om at medlemmene våre kjenner på ei større usikkerheit etter hendinga i fjor, og spesielt til pride-arrangement, noko som er veldig forståeleg, seier leiaren i Skeiv Ungdom, Jane-Victorius Bonsaksen, på telefon til Framtida.no.

Det var 25. juni i fjor at ein mann opna eld mot utestadane Per på Hjørnet og London Pub i Oslo. I masseskytinga vart to drepne og 21 personar skada. Gjerningsmannen vart til slutt halden nede av sivile før politiet kom til staden.

Dette viste seg å vere Zaniar Matapour. Han er i dag sikta for drap og terror.

– Skytinga utanfor London pub i Oslo i natt var eit forferdeleg og djupt skakande angrep på uskuldige menneske, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i etterkant av hendinga til NTB.

Denne veka opplyste PST på ein pressekonferanse at dei ser ein auke i trugslar mot skeive, men at det ikkje skulle dreie seg om konkrete terrorplanar.

– PST kjenner ikkje til konkrete terrorplanar, sa PST-sjef Beate Gangås på pressekonferansen.

Forferdeleg utvikling å sjå

Juni er pride-månaden både i Noreg og i utlandet. I år har det vore ei rekke hendingar knytt opp til pride-markeringar.

Tidlegare denne månaden valde Redd Barna å avlyse barnefestivalen i Bergen som skulle vere utandørs under Regnbogedagene søndag 4. juni.

Avlysinga skjedde på grunn av truslar og hatefulle meldingar.

Blomehav utanfor Herr Nilsen etter masseskytinga i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

For to veker sidan fekk barne- og ungdomsskulen i Vadsø truslar knytt til pride-undervisning, noko som førte til at barna vart sende heim og skulen vart stengt.

– Kva tankar har du gjort deg opp om årets pride-debatt? 

– Som ungdomsleiar er det heilt forferdeleg å sjå utviklinga i Bergen og Vadsø der trugslane er retta mot ein barneskule og ein organisasjon som jobbar med barnerettar. Våre medlemmer er unge skeive mellom 14 og 30, men vi ser at særleg dei som er under 18 er sårbare, seier leiaren.

Bonsaksen liker ikkje måten barn og ungdom blir brukt i debatten. Leiaren peiker på den fiendtlege retorikken i USA og dei håper det ikkje får fotfeste i Noreg.

Veldig mykje som står att

Sjølv om pride har fått mykje merksemd i år er leiaren i Skeiv Ungdom klar på at det er veldig mykje arbeid som står att. No ønsker dei at folk får meir kunnskap om kva det betyr å vere skeiv.

– At terrorhendinga skjedde er eit sterkt signal om at det skeive miljøet ikkje er så trygt som folk har inntrykk av. Mange av oss har gått litt og venta på at noko skulle skje, sjølv om vi sjølvsagt ikkje ville at noko skulle skje.

Bonsaksen etterlyser også tiltak på nasjonal basis for å få ei betre helseteneste og at politiet skal bli betre rusta mot hatkriminalitet.

– Om både samfunnet og regjeringa jobbar for å verne skeive, då trur eg at vi er godt på veg. Det er ikkje eit vakuum. Det var ein stygg debatt i fjor og det same skjer i år. Det bidrar til minoritetsstress og ei radikalisering mot skeives rettar.

Vidare seier dei at samfunnet er nøydd til å ta det på alvor og at forandring ikkje vil skje utan tiltak.

– Vi må kunne endra fokus på debatten og sjå kva utfordringar som eksisterer i samfunnet, slik at det blir ein meir produktiv debatt.

Sommarleir i år

Leiaren av Skeiv Ungdom fortel at medlemstala deira har gått oppover det siste året, og at det no ligg an til medlemsrekord.

Under årets markering skal Skeiv Ungdom ha fleire panelsamtaler og arrangement blant anna på Pride House og BamseScenen i Pride Park.

Kvart år arrangerer dei også sommarleir for unge skeive mellom 14 og 29 år. I fjor valde dei å avlyse leiren etter masseskytinga i Oslo. Til VG sa Bonsaksen følgande:

– Med omsyn til situasjonen slik han står no, ser vi det som uforsvarleg å organisera sommarleir.

I år kan leiaren informere om at alt er klart for den årlege sommarleiren. Dei har vald å ikkje gå ut med kvar i landet han skal vere.

– Det er ubehageleg at vi ikkje kan gå ut offentleg med stad. Eg må presisere at det finst ingen truslar mot vår sommarleir. Vi er i tett dialog med PST, politidirektoratet, politidistriktet i øst og der leiren skal vere, Justisdepartementet, om rettleiing og sikkerheitstiltak.