Ask feira sin første pride på bygda: – Spesielt fint for dei unge

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 15.06.2023 15:06

– Pride på små plassar er fint spesielt for dei unge som kan kome saman og vite kven dei kan støtte seg på.

Det seier Ask Holmseth Sætre (16), som feira sin første pride med å halde appell i parken på Otta under Pride Gudbrandsdal.

Støttande klassemiljø

Dette er fyrste gong nokosinne at Ask Holmseth Sætre feirar pride. 16-åringen frå Trysil har vore ute av skapet som transgut og panfil i rundt eitt år, men venta med å kome ut til slutten av ungdomsskulen, då han visste at han skulle flytte for å byrje på vidaregåande.

– Det er litt skummelt å opne seg opp i eit samfunn der du har budd lenge, men kjenner få. Dreg du til ein ny stad der du får ein heilt ny start, ingen veit kven du er, då er det enklare å opne seg opp, også til familie og vener som er att på den plassen du dreg frå.

I tillegg ville han ikkje vere i skapet lenger.

– Eg var rastlaus for å kome ut og vise fram kven eg var.

Ask Holmseth Sætre i paraden. Han er opphaveleg frå Trysil, men synest det er stas å feire på Otta med familie. Foto: Åshild Slåen / Framtida.no

Og det gjekk fint å kome ut.

– Klassa tok meg veldig godt imot då eg fyrst sa til dei at eg var trans og at dei kunne kalle meg Ask, med ein gong.

Og det har vara, også når han skulle klippe seg kort.

– Alle var veldig gira for å sjå den nye meg.

Ask Holmseth Sætre (16) feira Pride for fyrste gong i Otta. Foto: Åshild Slåen / Framtida.no

– Ikkje førebudd

Det er helsestasjonen på Otta som tok initiativ til markeringa i fjor.

Fleire på helsestasjonen har brukt av fritida si for at det skal bli ei feiring i år også.

Ambisjonen om ei pride-markering har vore der i fleire år, men dei dytta det framfor seg fram til i fjor. Då fann dei ut at det aldri kom til å passe perfekt.

Helsesjukepleiarane førebur seg til pride-markering. Frå venstre: Anne Enkerud Lien, Gry Hege Hagberg og Sigrid Grande.

– Vi var ikkje førebudd på kva det skulle bli, seier helsesjukepleiar Gry Hege Hagberg.

Dei tenkte det kunne bli svært lite og var førebudd på at det berre vart dei på helsestasjonen som gjekk i eit lite tog saman med familie.

Slik vart det derimot ikkje. Over 700 personar møtte opp i fjor. Det er gode tal i Sel kommune, som har 5600 innbyggjarar. I tillegg vart det markeringar dagane før fleire stader rundt om i dalen.

Og sjølv om det var nokre negative reaksjonar, understrekar helsesjukepleiarane at dei fleste har vore støttande.

Det inkluderer dei store aktørane som skular, barnehagar, politikarar, det lokale Thon-hotellet og resten av handelsstanden.

Helsefremmande arbeid

Fagansvarleg Anne Enkerud Lien er tydeleg på at markeringa passar rett inn i det dei arbeidar med på helsestasjonen.

Dei to frivillige frå FRI møtte opp for å førebu til Pride Gudbrandsdal. Frå venstre: Torstein Myromslien, Katarina Sortodden, Anne Enkerud Lien og Gry Hege Hagberg.

– Her har vi fokus på både fysisk, psykisk, seksuell og sosial helse, vi arbeider med alt.

Det å arbeide med pride reknar ho difor som helsefremmande arbeid. Det opnar opp for andre samtaler når dei møter innbyggjarane i kommunen.

Ein bil dekorert med regnbogeflagg køyrer forbi vindauget. Folk frå Foreningen FRI har kome for å vere med og planlegge.

– Eg vurderte om eg turte å ha på flagg på bilen i år, seier Katarina Sortdalen, nestleiar i FRI Innlandet, og viser til skytinga i Oslo i fjor.

Ho er derimot klar for å pynte med flagg og stelle i stand fest.

Å leve eit vanleg liv

Fleire synest pride-markeringa er stas i år. Ei som pynta seg for høvet er ukrainske Diana Lapitska (29), som kom til Otta i desember 2022.

Kvinne med blomsterkrans i regnbogefarger på hovudet og Intersex Progress regnbogeflagget i handa.

Ukrainske Diana Lapitska (29) feirar pride for fyrste gong på Otta. Foto: Åshild Slåen / Framtida.no

– Eg er verkeleg glad for at eg kan besøke feiringar som dette.

Ho har delteke tre gonger på Kyiv Pride, og kom ut som bifil til støttande besteforeldre før krigen starta. Etter det måtte ho flytte til Noreg. No prøver ho å leve eit vanleg liv.

– Det er framleis litt komplisert på grunn av det som skjer i Ukraina, men eg set veldig pris på Otta og folka som har ordna denne skikkeleg kule dagen for oss.

Pride-parade går gjennom gatene på Otta. Helsesjukepleiar Gry Hege Hagberg går fyrst, følgt av dragartistar frå DragCore, Otta musikkorps, og mange fleire. Foto: Åshild Slåen / Framtida.no


Perosn med kort blondt hår stirer inn i kameraet.

Tiril Myhre Skår (25) samla inn pengar via spleis.no for å få råd til toppkirurgi. Foto: Åshild Slåen/Framtida.no