17-åring sikta for valdtekt på Roskilde – klipte armbandet
Dansk politi minner om samtykkelova. – Får du ikkje eit klart ja, ta det som eit nei.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå 2010 til 2019 vart det meldt om 59 valdtektssaker på Roskilde-festivalen, men berre to har ført til dom i rettssystemet.
Natt til måndag denne veka fekk politiet i Roskilde melding om ei valdtekt som skal ha skjedd i eit telt på festivalområdet. Ei 17 år gamal jente politimelde å ha blitt valdteken av ein jamaldrande kjenning, som no er sikta i saka.
– Saka er framleis under etterforsking. Det har ikkje vore grunnlag for å framsette han i grunnlovsforhøyr eller anna, seier Charlotte Tornquist, kommunikasjonsrådgjevar i Midt- og Vestsjællands politi til Politiken.dk.
Eit grunnlovsforhøyr inneber at dansk politi kan halda på ein mistenkt i inntil 24 timar. Den sikta har fått klipt av festivalbandet og er bortvist frå området.
I fjor innførte Roskilde-festivalen «åtvaringsarmband» for festivalgjengarar som oppfører seg grenseoverskridande eller krenkande. Desse armbanda har i år fått ein meir nøytral farge.
Frå 2021 har Danmark hatt ei samtykkelov som betyr at alle partar må samtykke til sex, noko dansk politi minner om på sine nettsider.
– Hugs å sikre deg om at de begge har lyst. I år gjeld den nye samtykkelova. Så får du ikkje eit klart ja, ta det som eit nei.
Les også: Justisministeren lovar samtykkelov etter sjokkrapport om valdtekt

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl er saman med seniorforskar ved NKVTS, Maria Teresa Grønning Dale som tysdag la fram ein ny rapport om vald og valdtekt i Noreg. Foto: Hanna Johre / NTB/ NPK