Roskilde innfører åtvaringsarmband for grenseoverskridande åtferd

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2010 til 2019 har 59 valdtektssaker på Roskilde Festival vorte politimelde, men berre to har ført til dom i rettssystemet.

No innfører den danske musikkfestivalen ytterlegare tiltak for å hindre uønskt åtferd.

Om ein festivaldeltakar oppfører seg grenseoverskridande eller krenkande kan Roskilde-tilsette krevje at dei brukar eit åtvaringsarmband.

Det melder avisa Politiken.

Kan verte kasta ut av festivalen

Armbandet er i seg sjølv ikkje nytt, men det er først i år det òg vert delt ut dersom nokon skrir over andre sine grenser.

Som eit døme på åtferd som vil føre til eit åtvaringsarmband viser talsperson for Roskilde, Christina Bilde, til ei hending frå 2019. Då hadde nokre festivalgjester spraymåla ordet valdtektstelt på teltet sitt. Festivalen uttalte først at dei ikkje kunne kontrollere kva gjester skreiv på eigne ting, men dekka seinare til skiltet med gaffateip.

I år ville same hendinga ført til at festivalarmbandet ein normalt har på armen vart bytta ut med eit åtvaringsarmband.

Ved gjentakande grenseoverskridande åtferd kan ein verte vist vekk frå festivalen først ein dag og seinare for heile.

– Om du skrir over nokon sine grenser, så risikerer du å verte kasta ut av festivalen, seier Bilde til Politiken.


Illustrasjonsfoto: Womanizer WOW Tech/Unsplash. Kollasj: framtida.no