Dette må du vite før du startar i sommarjobben

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Det er sommarferie for tusenvis av elevar og studentar. For mange betyr det at det er tid for å reise, bade og slappe av. For andre er det tid for å få erfaring i arbeidslivet, bygge på CV-en og tene pengar. 

For mange er det deira aller første møte med arbeidslivet. 

Skaff deg kontrakt

Som fersk i arbeidslivet er det nokon ting som er viktige å vite om. Framtida.no ringde derfor LOs sommarpatrulje, for å få nokre tips om kva som er viktig å hugse på.

To personar sit ved eit bord og signerer papir.

Ein kontrakt sikrar deg mot misforståingar. Illustrasjonsfoto: Gabrielle Henderson / Unsplash

Patruljen består av hundrevis av tillitsvalde og aktive LO-ungdommar som reiser rundt i heile landet og snakkar med unge om rettane og pliktene deira i arbeidslivet. 

– Det er viktig å sørge for å ha ein skriftleg arbeidskontrakt når du begynner. Den er beviset ditt for du er tilsett, seier ungdomsrådgivar i LO Sindre Hornnes.

– Den skal seie litt om kva du skal få og kva du skal jobbe med. Det som er greitt med den er at den aukar sannsynet for at det ikkje skjer misforståingar mellom deg og sjefen, fortset han.

Les også: 17-åringar med sommarjobb fekk mykje høgare inntekt som vaksne

Betalt opplæring og gratis verneutstyr

Hornnes trekk også fram at ein har krav på grundig opplæring, og at den skal vere betalt.

Elles er det viktig å hugse på at du har rett på å få overtidsbetaling viss du jobbar overtid, og at du har krav på å få lønnsslipp når du får lønn. Den er beviset ditt for at du har betalt skatt.

Mange gule vernehjelmar ligg i eit skap

Er du pålagt å bruke vernehjelm på jobb, skal du ikkje betale for han sjølv. Illustrasjonsfoto: Pop & Zebra / Unsplash

Viss du har ein jobb som krev at du skal bruke verneutstyr, treng du ikkje å betale for det sjølv.

– Det skal arbeidsgivar betale for, sidan du er pålagt å bruke det, seier Hornnes. 

Viss du skader deg på jobb utan at du bruker verneutstyret du eigentleg må bruke, kan du hamne i trøbbel. Du risikerer å miste rettar som til dømes yrkesskadeerstatning, ifølge LOs sommarpatrulje sine nettsider

Fagforening og arbeidsgiveransvar

Det kan vere smart å få hjelp til å passe på at alt er i orden med arbeidsforholdet. Det kan til dømes ei fagforeining hjelpe deg med. LO-mannen Hornnes råder dei unge, kanskje ikkje så overraskande, til å bli med i eit LO-forbund. 

– Det er forskjell på å vite kva du har krav på i arbeidslivet og å faktisk få det du har krav på. Og dersom du skulle ha spørsmål, eller lurer på om noko er rett eller gale kan du ta kontakt med fagforeininga di, seier Hornnes.

Han understrekar at det er heilt avgjerande at unge vert tatt godt imot i jobben for at dei skal stå lenge i arbeidslivet. Derfor har han ei oppmodning til arbeidsgivarane.

– Det eg vil seie til alle arbeidsgivarar som no får ein ny tilsett eller ein ny sommarvikar, er at dei har eit særleg ansvar for å gi god opplæring og sørge for at dei unge får eit godt møte med arbeidslivet, avsluttar Hornnes. 


Les også: Dette var den fyrste sommarjobben deira

Foto: 7760/ Colourbox, 6669/ Colourbox, Bensinstasjoner i Akershus 2016-2017 i MiA Museene via Akershus via Digitalmuseum lisens CC BY-SA, Leif Ørnelund/Wikimedia commons/CC BY-SA 3.0 NO, Finn Oluf Nyquist/ Helsedirektoratet, Gregor Hohenberg, FHI, Trond Isaksen/ LO, privat, kollasj: Framtida.no