17-åringar med sommarjobb fekk mykje høgare inntekt som vaksne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det å ha ein deltidsjobb som ung ser ut til å vere eit svært lønnsamt springbrett vidare inn i arbeidslivet, seier seniorrådgivar Jon Epland i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Epland har følgt inntektsutviklinga til årskullet fødd i 1987 fram til dei var 34 år i 2021.

Då årskullet hadde vorte 34 år gamle, var median yrkesinntekt for mennene som hadde hatt jobb som ungdom, 632 000 kroner, medan han var 535 000 kroner for dei som ikkje hadde hatt jobb som 17-åringar. Det svarer til ein forskjell på 97 000 kroner.

Fleire uføre

– Då kullet var 25 år gamle, var det heile 138 000 kroner som skilde yrkesinntekta i dei to gruppene. Forskjellen har dermed krympa litt etter kvart, men er uansett stor, seier Jon Epland.

Han forklarer at det også er fleire uføre blant dei som ikkje hadde sommarjobb.

– Gruppa som ikkje jobba som 17-åringar, hadde dobbelt så stor sjanse for å ende opp som mottakar av uføretrygd som unge vaksne, samanlikna med jamaldra som jobba, seier Epland.


Foto: 7760/ Colourbox, 6669/ Colourbox, Bensinstasjoner i Akershus 2016-2017 i MiA Museene via Akershus via Digitalmuseum lisens CC BY-SA, Leif Ørnelund/Wikimedia commons/CC BY-SA 3.0 NO, Finn Oluf Nyquist/ Helsedirektoratet, Gregor Hohenberg, FHI, Trond Isaksen/ LO, privat, kollasj: Framtida.no