Minst 90 studentar utestengde på grunn av sjølvplagiat sidan 2018

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Nettavisen Khrono har spurt offentlege utdanningsinstitusjonar om talet på sjølvplagieringssaker sidan 2018.

Fleire av dei største har likevel ikkje klart å skaffe oversikt, mellom anna Universitetet i Bergen, Oslomet og Høgskolen i Innlandet. Men svara frå 13 institusjonar viser at det har vore minst 136 saker med mistanke om såkalla sjølvplagiat. Det betyr at studentar har brukt om att eigen tekst.

55 av sakene førte til at studentar vart utestengde i to semester og 35 i eitt semester. I 20 saker førte saka berre til annullering av svaret, medan 26 ikkje fekk nokon reaksjon eller vart «frikjende».

Føreslår nye reglar

Universitetet i Agder hadde flest utestengingar (37) blant dei som har svart, etterfølgt av Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Oslo (17 kvar).

Universitetet i Agder meiner det er like alvorleg å bruke om att eigen tekst som å plagiere andre, medan Universitetet i Tromsø meiner det er mindre uærleg å plagiere seg sjølv. Universitetet i Tromsø har ikkje hatt nokon utestengingar på grunn av sjølvplagiat sidan 2018.

Regjeringa foreslo førre veke nye reglar som vil innebere at studentar vil få lov å bruke om att upublisert arbeid og arbeid som ikkje har gitt utteljing.


Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier departementet vil vurdere endringar i føresegnene om fusk og utestenging. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK