Filosof knuste ChatGPT på eksamen

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Fleire har det siste halvåret vore uroa for korleis den kunstige intelligensen ChatGPT vil påverke skulen. Lærarar har peika på at chatboten si evne til alt frå å skrive artiklar til å analysere dikt, gjer det enklare å jukse.

I Frankrike har dei no sett den kunstige intelligensen opp mot stjernefilosofen Raphaël Enthoven, for å teste kven som ville gjere det best på filosofieksamen. Det skriv gratisavisa 20 minutes.

Fornuft og kjensler

Onsdag førre veke gjekk vidaregåandeelevar i Frankrike opp til ei avsluttande filosofiprøve.

Oppgåva roboten og filosofen fekk bryne seg på, var den same som vidaregåandeelevane skulle svare på i sin avsluttande filosofieksamen: Er lykke eit spørsmål om fornuft?

Det vart raskt klart at mennesket framleis har overtaket på maskina i slike spørsmål.

Datamaskin med ChatGTP oppe på skjermen.

Forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) har undersøkt kor godt samtaleroboten ChatGPT kan svare på eksamensspørsmål. I fire av ti tilfelle avslørte sensorane at teksten var skriven av ein robot. Foto: Emiliano Vittoriosi / Unsplash

1–0 til mennesket

Filosof Enthoven gjekk nemleg sigrande ut av duellen, med toppkarakteren 20 av 20. Den kunstige intelligensen måtte nøye seg med 11 av 20. Ein kandidat må ha 10 av 20 for å bestå.

Middelaldrande mann i svart pologenser smiler til kamera.

Raphaël Enthoven er ein kjend fransk filosof. Marie-Stéphane Barthout/ Author’s private collection/CC BY-SA 3.0/Wikimedia Commons

Direktøren for Paris School of Technology and Business Armand Derhy var arrangør for duellen. Han meiner det kom to gode nyheiter ut av testen.

– Mennesket slår framleis maskina, konstaterer han, og legg til at maskina også klarte å få over middels.

I forkant av prøven hadde to ekspertar trena roboten ved å stille spørsmål om filosofi og bede han imitere stilen til Raphaël Enthoven. Det var ikkje nok for å slå mennesket.

Enthoven kan likevel trøyste ChatGPT med at då han i si tid tok sin «bac de philo», den avsluttande filosofiprøven, fekk også han berre 11 av 20.


Ung mann og kvinne omfamnar kvarandre.

Skjermdump frå musikkvideoen.