Artisten Midnatt syng på seks språk ved hjelp av kunstig intelligens

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. 

Han gav ut den nær fire minuttar lange songen samtidig på koreansk, engelsk, japansk, kinesisk, spansk og vietnamesisk. Men det er ikkje fordi Lee Hyun er så utruleg god i språk.

Han har tatt i bruk kunstig intelligens.

Artistbyrå satsar på kunstig intelligens

Artistbyrået til Lee Hyun heiter Hybe. Dette byrået, som også er byrået til BTS, har tatt i bruk ein teknologi som dei kallar «Supertone». Denne teknologien kombinerer stemma til Lee Hyun med andre folk. Resultatet er at det høyrest ut som om han snakkar alle språka flytande.

I tillegg til språk skiftar stemma kjønn i ein del av songen, slik at det høyrest ut som det er ei dame som syng.

– Sjølv om vi eksperimenterer med ny teknologi, er det viktig at vi bruker teknologien for å hjelpe artistane til å formidle bodskapen sin med musikken, sa ein av direktørane i byrået, Jung Woo-yong, ifølge The Korea Herald.

Kvifor artistnamnet Midnatt?

Lee Hyun sa på ein pressekonferanse at han valde artistnamnet Midnatt fordi det betyr, ja, nettopp, midnatt, på svensk.

– Midnatt er startpunktet for ein ny dag og den nye dagen begynner i mørkret. Eg synest det ordet fortel godt historia eg ønsker å fortelje, fortalde han.


Gammel mann med pave-kallott i ei stor, kvit boblejakke og kjede med kross rundt halsen

Desse falske bileta av pave Frans i ei Balenciaga-jakke har gått viralt. Bileta er laga av ein amerikanar ved bruk av eit kunstig intelligens-verkty kalla Midjourney. Foto: Reddit