Gaming-journalist Øystein Furevik får nynorskpris

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Frå juryen heiter det at Furevik sidan har 2002 skrive vel 1900 meldingar og artiklar for nettstaden gamer.no, der tekstane både er grundige, lettlesne og fulle av humor. I grunngjevinga blir det først og fremst trekt fram standhaftig bruk av nynorsk i ei verd der det meste føregår på engelsk.

– I over 20 år har Furevik drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken, skriv juryen.

– Dagens sjokk

Sjølv vart han svært overraska over pristildelinga.

– Det var dagens sjokk, eg skjønte det ikkje heilt først. Dette er ei anerkjenning eg blir heilt rørt av. Eg er kjempestolt. Det er verkeleg stort for meg, seier Furevik.

Øystein Furevik får Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar. Foto: Privat

Prisvinnaren seier han har fått mange reaksjonar for bruken av språket sitt. Særleg i starten fekk han mykje hets frå lesarane for å bruke nynorsk i tekstane sine.

– Lesarane var langt meir opptekne av at sakene var på nynorsk enn kva som stod i dei. Det gjekk så langt at ein av dei starta ei avstemming på eit nettforum. Heldigvis gjekk resultatet i min favør med god margin. Men det er klart eg har fått mykje tyn, både på nettforum og på e-post.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75 000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Tidlegare vinnarar er mellom anna Linda Eide, Arill Riise, Harald Thingnes og Ronny Brede Aase.


Amanda Frøseth Hindenes står ute framføre ein isbre. Kollasj med ein skjermdump av språkinnstillingane i Google dokumenter.

Amanda Frøseth Hindenes synest Google dokumenter fungerer dårleg på nynorsk. Foto: Privat/kollasj Framtida.no

Fakta

2022: Roger Sevrin Bruland, NRK

2021: Siri Kleiven Strøm og Arill Riise, TV 2

2020 – Eivind Molde, NRK

2019 – Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2018 – Harald Thingnes, NRK

2017 – Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

2016 – Jon Hustad, Dag og Tid

2015 – Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

2014 – Ingunn Solheim, NRK

2013 – Christian Wiik Gjerde, NRK

2012 – Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2011 – Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2010 – Astrid Brekken, NRK

2009 – Ronny Brede Aase, NRK

2008 – Odd Reidar Solem, TV 2

2007 – Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen

2006 – Linda Eide, NRK