Forsking: Kua kan sjå i mørkna

Forskingsprosjektet tok utgangspunkt i kva for belysing bønder burde ha i fjøset med storfe, skriv forskning.no.
Forskar Sofia Lindkvist ved Sveriges landbruksuniversitet konkluderte med at kyr ser utmerkt godt i mørkna, og at dei ikkje treng lys om natta.
Eksperimentet gjekk ut på at kyrne skulle følgja ei bane med hindringar i fjøset. Dei gjekk like uhindra i mørkna som dei gjorde i klart lys.
I Sverige er det lovpålagt med nattbelysing til kyrne.
– Kyrne ser bra i mørkna og det finst eigentleg ikkje noko grunnlag for kravet i den svenske dyrevernlova om at kvegdyr må ha på lys om natta, seier Lindkvist i ei pressemelding.