India føreslår å klemma ei ku på valentinsdagen
Den indiske regjeringa ber folket sitt om å droppe den hjarteforma sjokoladeeska til fordel for å klemme ei ku den 14. februar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert på Framtida Junior.
Valentinsdagen feirast 14. februar, då er det mange som gjev spesiell merksemd til kjærastane sine. I vestlege land feirast valentinsdagen gjerne med ei gåve eller eit fint kort, men i India oppmodar regjeringa til å setja ekstra pris på kyr.
Dette året ber den indiske regjeringa alle om å gå ut og klemma ei ku for å feira valentinsdagen, ifølgje The Guardian.
Dette gjer dei fordi valentinsdagen opphaveleg var ein kristen merkedag i vestlege land og feirast med vestlege tradisjonar, så India ønskjer å knyta dagen tettare mot den indiske kulturarven.
Vil fjerna kjøpepresset
I India er meir enn 3 av 4 innbyggjarar hinduar og kyr sjåast på som heilage i hinduismen. Landet har derfor erklært 14. februar for å vera ku-klemmedagen.
Den indiske regjeringa synst det er dumt at valentinsdagen dei siste åra har handla så mykje om store reklamekampanjar som pressar folk til å kjøpa blomar, bamsar og hjarteforma gåver til sine kjære.
Målet med kampanjen skal vera å fjerna kjøpepresset og å heller setja pris på den hinduistiske trua, og å klemma ei ku.