– Vi nærmar oss eit kritisk punkt for miljøgifter i polarområda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Både Arktisk og Antarktis ligg eit godt stykke unna oss, men kjemiprofessor Roland Kallenborn minner om at polarområda er nærare knytte saman med kvardagen vår enn vi skulle tru.

Roland Kallenborn, professor ved Norsk miljø- og biovitskaplege universitet. Her på feltarbeid på Svalbard i 2022. Foto: NMBU

Funn av menneskeskapte miljøgifter frå forbruksvarer som plast, klede, reingjeringsmiddel, måling og sminke aukar stadig også i desse sårbare områda.

Kallenborn og andre forskarar fryktar no at vi kan vere forbi eit kritisk punkt for spreiing av såkalla kjemikaliar som ikkje blir brotne ned i naturen, men som hopar seg opp i stadig større mengder.

– For mange av desse menneskeskapte forureiningane nærmar vi oss no ein terskelverdi der det ikkje lenger vil vere mogleg å reversere mogleg negativ effekt på menneske og dyr. 

– Dessverre ser det ikkje ut til å vere politisk eller økonomisk vilje og interesse internasjonalt til å etablere berekraftige verkemiddel som er drastiske nok til å kunne reversere denne prosessen i polarområda, seier Roland Kallenborg, professor ved NMBU (Norsk miljø- og biovitskaplege universitet).

Saman med 25 andre forskarar frå 12 land, har Kallenborg forfatta eit opprop kalla Berlin-erklæringa. Erklæringa har overskrifta Gjer noko no!

– Så lenge vi held fram i same spor som no, vil eksponeringsrisikoen for menneske og dyr i polarområda auke, med moglege store konsekvensar for liv og helse, seier Kallenborn i ei pressemelding.


Les også: Målte rekordhøg temperatur i verdshava denne påska

Bølgjer

Illustrasjonsfoto: Pixabay