Canada råka av skogbrannar – verste nokosinne
Tusenvis må forlate heimane sine i Canada på grunn av skogbrannane som herjar i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Canada opplever den verste starten på ein skogbrannsesong nokosinne, melder Reuters.
Nyheitsbyrået skriv at om lag 3,8 millionar hektar allereie har brunne. Det er 15 gongar gjennomsnittet på ti år.
Det varme, tørre vêret er venta å halde fram dei neste månadane.
Synlege i verdsrommet
På ein pressekonferanse onsdag sa landets minister for kriseberedskap Bill Blair at det er det tøffaste året som er registrert, med over 414 brannar. 239 av dei er ute av kontroll.
Meir enn 20 000 personar er evakuerte frå heimane sine.
Etter provinsane Alberta og Nova Scotia, er det no Québec som er hardast råka. Brannane i provinsen på austkysten er så store at dei kan sjåast frå verdsrommet, skriv VG.
På informasjonssidene til provinsen står det at dei mange skogsbrannane fører til at tusenvis er evakuerte i fleire regionar og at brannane trugar viktig infrastruktur.
Skogbrannovervaking i Québec syner at det for augeblinken er 137 aktive brannar i Québec.
Trudeau: – På grunn av klimaendringar
Canadas statsminister Justin Trudeau seier på Twitter at klimaendringar fører til fleire og fleire slike skogbrannar.
We’re seeing more and more of these fires because of climate change. These fires are affecting everyday routines, lives and livelihoods, and our air quality. We’ll keep working – here at home and with partners around the world – to tackle climate change and address its impacts.
— Justin Trudeau (@JustinTrudeau) June 7, 2023
Han fortel vidare at han har snakka med den amerikanske presidenten Joe Biden om støtte til å sløkke brannane. Hundrevis av amerikanske brannmenn bidreg allereie, og fleire er på veg. 280 brannmenn frå Frankrike, Spania og Portugal deltek i sløkkingsarbeidet, og det kjem fleire, opplyser leiar av EU-kommisjonen Ursula von der Leyen.
Røyken spreier seg
I Canada er luftkvaliteten så dårleg at helseminister Jean-Yves Duclos oppmodar sårbare menneske til å bruke munnbind, skriv Le journal de Montréal.
Røyken frå brannane som herjar i Canada spreier seg, og har til og med kome til Noreg. Forureiningspartiklar frå røyken er blitt målt ved Birkenobservatoriet i Birkenes i Agder, melder VG.
– I verste fall kan folk som bur langs vestkysten i Noreg lukte røyken og sjå tynn tåke, seier Nikolaos Evangeliou ved klima- og miljøinstituttet NILU til avisa.
På austkysten av USA og i New York har det lagt seg eit teppe av røyk, og luftkvaliteten i byen er blant dei dårlegaste i verda. Det har ført til forseinkingar i flytrafikken, skular har avlyst aktivitetar utandørs og eldre og sårbare grupper har blitt oppmoda til å halde seg inne.