Seier nei til nynorske læreressursar: – Heilt uforståeleg

Åshild Slåen
Publisert

Utvida kl. 11.40 med kommentar frå Alfred Bjørlo.

Tysdag la utdanningskomiteen fram forslaget til ei ny opplæringslov for Stortinget.

Noregs Mållag synest ikkje lova går langt nok i å sikre nynorskressursar.

– Det er heilt uforståeleg at fleirtalet på Stortinget ikkje vil modernisere opplæringslova slik at ho vert tilpassa den digitaliserte framtida i skulen. Dette er eit stort tap for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Dei meiner forslaget ikkje stiller gode nok nynorskkrav til læringsressursane for elevar.

– For over 50 år sidan vedtok Stortinget at læremiddel skulle kome til same tid og til same pris på nynorsk og bokmål. I ein skulekvardag med fleire og fleire appar bryt Stortinget no i praksis dette prinsippet, seier Peder Lofnes Hauge.

– Sviktar nynorsken

I utdanningskomiteen var både Raudt, SV og Venstre for å vedta denne lovendringa, medan Ap og Sp fekk med seg Høgre og FrP og var mot.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V). Foto: Jo Straube / Venstre

– Stortingspolitikarane frå Ap, Sp og Høgre har svikta nynorsken. Dei bør orsake til alle nynorsk-vener landet rundt, seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Han meiner politikken som blir ført er ein trugsel mot nynorsken.

– Eg vil innstendig oppmode Ap, Sp og Høgre til å gå ein ny runde fram til Stortinget skal røyste over framlegga neste veke. Venstre si nynorsk-dør er open – det er inga skam å snu!

– Ekstremt skuffande

Utdanningsforbundet, Forleggerforeningen, Språkrådet, Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og 121 norske ordførarar er blant dei som har bede om ein betre lovfesta rett til nynorskressursar for elevar.

Peder Lofnes Hauge meiner regjeringa ikkje høyrer på desse stemmene.

– Det er ekstremt skuffande at Ap og Sp let private læremiddelprodusentar få sleppe å bry seg om dei to norske skriftspråka, framfor å stå side om side med nynorskelevane. Noregs Mållag har gjort sitt beste for å få regjeringspartia til å forstå alvoret, men har ikkje lukkast.

Forslaget slik det er no har fleirtal på Stortinget, og vil truleg bli vedteke 1. juni.


I 2020 slår Lindås, Radøy og Meland seg saman til Alver. Med 29.000 innbyggjarar vert kommunen den fjerde største i Vestland fylke. 26 år gamle Sara Sekkingstad (Sp) vert ordførar for storkommunen. Foto: Sp