Slik er reglane for ferie og feriepengar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Kor mykje ferie har eg krav på? Kan eg ta igjen ferie seinare om eg blir sjuk? Kor mykje feriepengar får eg? Slike spørsmål er naturleg å stille seg i desse tider.

– Alle arbeidstakarar har krav på ferie og feriepengar. Du får ikkje lønn når du har ferie, og feriepengane kompenserer for at du ikkje får lønn i den perioden, forklarar NITO-advokat Anette Håvelsrud Wevle i ei pressemelding.

Fire eller fem veker ferie?

Ferielova gir alle arbeidstakarar ferie i 25 vyrkedagar. Vyrkedagar er alle vekedagar inkludert laurdag. 25 vyrkedagar er difor det same som fire veker og ein dag, eller 21 arbeidsdagar.

Mange har fire dagar ekstra ferie i tariffavtalen sin, eller etter individuell avtale med arbeidsgivar – totalt fem veker ferie. Arbeidstakarar som fyller 60 år i løpet av ferieåret har i tillegg krav på fem arbeidsdagar (seks vyrkedagar) ekstra ferie.

Når kan du ta ferie?

Arbeidsgivar bestemmer når du kan ta ferie, men du har krav på tre veker samanhengande mellom 1. juni og 30. september. Du har også rett til å avvikle heile ferieveker, men kan ta ut feriedagar enkeltvis dersom arbeidsgivar godkjenner det.

Det er mogleg å overføre inntil to veker ferie til neste ferieår etter avtale. Feriedagar som ikkje har vorte avvikla på grunn av at dokumentert sjukdom eller foreldrepermisjon skal overførast til neste ferieår. Her er det ikkje nødvendig med avtale.

Dersom du blir heilt arbeidsufør før ferien, kan du krevje at ferien blir utsett. Blir du sjuk i løpet av ferien, kan du krevje at resten av ferien blir utsett. Sjukdom må dokumenterast med legeerklæring, og det gjeld eigne reglar for når du må framsette krav om utsetting.

Kor mykje får du i feriepengar?

Når du er på ferie, får du ikkje lønn. Feriepengane skal kompensere for bortfallet av lønn, og dei blir rekna ut frå inntekta i fjor (oppteningsåret).

Vanleg feriepengesats er 10,2 prosent for deg som har rett til 25 vyrkedagar ferie. Har du rett på 30 vyrkedagar ferie, er feriepengesatsen 12 prosent. Har du rett til ytterlegare seks vyrkedagar, er feriepengesatsen 14,3 prosent.

Dersom du ikkje var i jobb i fjor og difor ikkje har tent opp feriepengar, har du likevel rett til ferie. Men sidan det kan bli ein mager ferie utan lønn, har ferielova ein regel om at du ikkje treng å avvikle meir ferie enn det feriepengane dekkjer av lønnstrekket.

Alle reglane knytt til ferie og permisjon kan du lese om i ferielova.


Illustrasjonsfoto: Pixels Moldova via Colourbox