Mange norske kvinner blir hindra i kvardagen av menssmerter

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ni av ti norske kvinner har menssmerter. Litt meir enn halvparten har smerter kvar gong dei har mensen, og av desse oppgir så mykje som 78 prosent at smertene varer i tre dagar eller meir.

Det kjem fram i ei undersøking gjennomført av Respons Analyse på vegner av hjelpeorganisasjonen Care Norge.

I undersøkinga svarer fire av ti kvinner mellom 16 og 40 år at menssmertene gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen.

Lege og styremedlem i Care, Nina Brochmann, meiner kvinner med menssmerter ikkje får den hjelpa dei treng.

Kvinne med brunt hår og stripa genser smiler til kamera.

Nina Brochmann har mellom anna vore med på å skrive boka «Gleden med skjeden». Foto: Astrid Waller/Aschehoug

– Mensen er ingen sjukdom, men vi må ta på alvor dei store plagene ein del kvinner har kvar einaste månad. Dette er ei usynleg byrde som mange jenter og kvinner ber med seg, i Noreg og i verda, seier Brochmann.

– Kan utgjere ein forskjell i kvinners liv

– Med meir kunnskap og openheit rundt mensen kan vi verkeleg utgjere ein forskjell i kvinners liv og førebyggje at jenter fell bakpå i skule og arbeidsliv, seier Brochmann.

Ho meiner jenter med kraftige menstruasjonssmerter ikkje får den hjelpa dei treng.

– Når ein av fem med menstruasjonssmerter held senga, og over ein av tre har vore borte frå skulen, er det openbert at vi må gjere meir. For få veit til dømes kor effektiv hormonprevensjon kan vere mot menssmerter – det kan gi kvinner eit normalt, smertefritt liv, seier Brochmann.

– Ei byrde for kvinner

Undersøkinga er gjort i samband med den internasjonale mensdagen 28. mai.

– Vi markerer mensdagen fordi vi jobbar for kvinners rettar. Mangel på kunnskap gjer mensen til ei byrde for kvinner på eit nivå som er heilt unødvendig, seier Hilde Sofie Pettersen, kommunikasjonssjef i Care Norge.

– Det går ein raud tråd frå dei utfordringane kvinner og jenter i Noreg fortel om, til det vi høyrer frå kvinner i andre land, der vi jobbar med utviklingsbistand og nødhjelp. Det å få kunnskap om sin eigen kropp er heilt avgjerande for å kunne ta informerte val om eige liv. Dessverre ser vi at noko så naturleg som mensen, faktisk er grunn til at mange jenter droppar ut av skulen.


Britiske Jazmin Sawyers (28)