Margrete har laga song om PMS: – Ganske universelt

Då ho ikkje fann nokre songar om temaet tok ho saka i eigne hender.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Eg hadde eigentleg sett litt etter slike låtar sjølv, til å høyre på medan eg har PMS. Men så syntest eg det var vanskeleg å finne ein, og spesielt ein med alvor i, og ikkje ein som berre var ei komediegreie.

Det fortel artisten Margrete Skretting Bergset.

I byrjinga av november sleppte 26-åringen frå Asker låten «Luteal» som handlar om nettopp PMS.

PMS står for premenstruelt syndrom, og er plager som kan kome i vekene før menstruasjonen. Det kan vere fysiske plager som hovudpine og oppblåst mage, eller humørsvingingar og auka matlyst. Plagene minkar som regel i løpet av menstruasjonen.

I låten ynskjer Margrete å få fram dei psykologiske og emosjonelle aspekta ved PMS. 

– Det synest eg sjeldan blir tatt opp i populærkulturen og kunsten utan at det er ein punchline som til dømes «Ååå, har du mensen?». Det blir jo laga mykje kunst om kvinnehelse, men eg føler at det ofte er fokus på det fysiske ved det. Det er jo veldig viktig, men eg ville bidra til å sette fokus på det emosjonelle, fordi eg synest det manglar.

Ho tok difor saka i eigne hender. Med utgangspunkt i eigne erfaringar ville ho skrive om temaet på ein universell måte, slik ein skriv om kjærleik og kjærleikssorg.

– Når halvparten av verda opplever det i periodar, og halve verda kanskje kjenner nokon som opplever det, så er det ganske universelt.

Folk kjenner seg igjen

I songen syng ho mellom anna linjer som «The pain is all recycled» og «Everything sucks and i think I`m falling».

Margrete har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som fortel at dei kan relatere til teksten.

– Eg har fått reaksjonar frå jenter som seier at dei kjenner seg veldig igjen i songen, spesielt det med at éin gong i månaden er skikkeleg lei seg og føler at verda er i mot ein. Du klarar ikkje skjøne kvifor, og ei veke etterpå, så skjønar du kvifor og alt går opp for deg. Men så, tre veker seinare, er alt gløymt igjen. «Eg har det forferdeleg igjen, eg veit ikkje kvifor», og du finn ingen anna årsak enn at jorda går under, fortel ho.

Før Margrete starta å skrive songen, tenkte ho at den var meint for alle som har eller kjem til å ha PMS, men ho har også fått fleire kommentarar om temaet frå folk som ikkje opplever PMS sjølv. Då ho viste han til nokon av gutevenane sine, fekk ho positive reaksjonar.

– Dei følte at dei forstod meir. Så då tenkte eg at den låten kan vere ganske viktig for dei som ikkje har PMS også.

Det har også kome andre tilbakemeldingar til songen.

– Eg fekk ein litt artig kommentar under ein NRK-artikkel på Facebook, seier ho og tek opp mobilen.

– Er det ein song om når ein sit i ein stol, og ballane kjem i klem fordi stoffet på boksaren vrir seg litt? Kjempevondt, og eg synest det er på høg tid, les ho frå kommentarfeltet under artikkelen.

– Men då tenkjer eg at han kan, slik som eg gjorde, ta saka i eigne hender og berre setje i gang med ein slik song. Det er gøy at folk snakkar om det i alle fall, ler artisten.

– Eg kan bli litt flau

Sjølv om ho synest at mensen og kvinnehelse har fått ei betre stilling i samfunnet dei siste åra, meiner ho det framleis er ein veg å gå.

– Det er framleis meir tabu enn det burde vere. Eg merkar at eg kan bli litt flau når eg snakkar om låten og kva han handlar om. Eg kunne ynskje at eg ikkje blei det, men så er eg jo vaksen opp i eit samfunn der det var slik.

Ho håpar songen kan gjere ein forskjell.

– Eg håpar at det kan vere ei trøyst til dei som er midt oppe i det, og at det kan bidra til meir forståing frå dei som ikkje har det. Kanskje også inspirere andre til å lage låtar om liknande tema, og generelt utforske låttema som det ikkje har vore skrive så mange låtar om før.

– Synes du kvinnehelse er eit tema som bør bli tatt meir opp i musikken? 

– Absolutt. Kvifor ikkje, tenkjer eg. Med riktig vinkling kan ein skrive fine låtar som vekkjer kjensler om det aller meste. Det hadde vore veldig fint å sjå meir kunst om kvinnehelse, seier ho.