Manchester City tar mensgrep – droppar kvite shortsar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnelaget til Manchester City skal ikkje lenger spele i den karakteristiske uniforma med kvite shortsar til lyseblå trøye.

Det kunngjer klubben og draktprodusenten Puma. Årsaka er tilbakemeldingar frå spelarane om at dei ikkje er komfortable med kvite shortsar når dei har mensen, ifølgje ei utsegn sitert av Insider.

Byter ut med burgunder shortsar

Kvite shortsar kan bli gjennomsiktige når dei blir våte, og spelarar har gitt tilbakemeldingar om at dei er redde for at det skal syne blod igjennom dei.

Manchester City vil leggje til rette for at spelarane er komfortable og kan «prestere på sitt høgste nivå».

Det var NRK som først skreiv om saka i Noreg.

Laget frå Manchester har allereie byrja å nytte dei burgunder borteshortsane til heimedrakta, og vil bruke dei ut sesongen. Planen er å finne nye fargar for 2023-2024-sesongen, skriv Sky Sports.

Fleire lag

City følgjer i fotspora til lag som West Brom, Stoke og skotske Livingstone. Laget frå Manchester er likevel det første laget i den engelske toppdivisjonen for kvinner, Women’s Super League, som tar steget vekk frå kvite shortsar.

Ballen har òg byrja å rulle i Noreg. Lillesand Idrettslag sette temaet på dagsordenen allereie i 2020, då spelarane ønska å droppe kvite shortsar, men først fekk nei frå det mannsdominerte styret. Seinare snudde idrettslaget. Raumnes & Årnes IL no har vedteke at alle skal spele i svarte shortsar frå og med neste år.

Emilie Lein på Rosenborg har engasjert seg i tematikken, og fortel til NRK at uroa for å blø igjennom kan få konsekvensar.

– Eg blør kraftig. Dersom eg har mensen når eg skal spele kamp tenker eg alltid på det under oppvarminga: «eg må hugse å skifte tampong». Då er tankane på ein heilt annan stad enn dei skal vere. Dersom ein ikkje har fullt fokus medfører det større skaderisiko.


Britiske Jazmin Sawyers (28)