Dansk forsking: Ei av ti kvinner kan ha endometriose

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjukdommen blir kjenneteikna ved kraftige smerter ved menstruasjon og samleie, og dessutan problem med å bli gravid.

Endometriose rammar opp mot kvar tiande kvinne i fertil alder, og kostar samfunnet ein formue i sjukedagar og behandlingar. Likevel er det berre 1,6 prosent av kvinner som får rett diagnose, viser forsking frå Aarhus universitet.

Sjukdommen inneber at vev av liknande type som slimhinna i livmora, også kan sitje utanfor livmora rundt underlivet til kvinner og utløyse kraftige blødingar og svært kraftige smerter.

Dei aller fleste kvinnene med sjukdommen får aldri ein diagnose, eller så får dei han først etter mange år.

25 år lang sjukehistorie

47 år gamle Linda Tosti frå Hjortshøj ved Aarhus i Danmark har hatt ni operasjonar knytt til endometriose sidan ho fekk mensen som tenåring.

– Sjølv som tenåring hadde eg såpass vondt at eg, trass i kor flaut det var, gjekk til fastlegen og tok ei mageundersøking. Den avfeia han som heilt normal, seier ho.

Som 18-åring hadde Tosti såpass sterke smerter at ho oppsøkte legen for å høyre kor gammal ein måtte vere for å få fjerne livmora. Det var starten på ei 25 år lang sjukehistorie med tallause legebesøk og behandlingar, medan ho framleis var i arbeid.

– I mange år tok ikkje legane det på alvor i det heile. Beskjeden var at det er vondt å vere kvinne, siger Tosti.

Sosioøkonomiske konsekvensar

Ifølgje forskar Dorte Rytter ved Aarhus universitet har det vore ein auke mellom 1990 og 2017 i talet som er diagnostisert med endometriose.

Ryttar seier at det beste rådet er å gå til legen mykje tidlegare når ein merkar symptom.

– Viss du har fleire dagar i månaden du må gi opp å gå på jobb eller vere heime frå skulen på grunn av smerter, bør du oppsøkje lege. Dette er ikkje smerter du skal bite i deg fordi du er kvinne, seier ho.

Ein internasjonal studie frå 2011 viste at kvinner med underlivssjukdommen i snitt taper 11 timar med produktivitet i løpet av ei arbeidsveke.

Dermed får sjukdommen også store sosioøkonomiske konsekvensar.

– Ein b-sjukdom

Anne Hovmøller er administrerande direktør i Endometrioseforeningen i Danmark. I over 20 år har ho arbeidd for å rette meir merksemd mot endometriose.

– Når kvinner sine underliv blir knytte til smerter og kraftige blødingar, er det ikkje det heitaste samtaleemnet, seier Hovmøller.

– Dette er ein b-sjukdom samanlikna med kreft og hjarte, som innan forsking er knytt til prestisje, seier ho vidare.


Britiske Jazmin Sawyers (28)