Seks idrettsutøvarar som har vore opne om mensen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 20.06.2022 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ein tennisbane står ei verdsstjerne i lys heildrakt og skal slå ein avgjerande serve. Det publikum ikkje veit er at idrettsutøvaren fekk mensen same dag og knapt har krefter til å rope «come on».

Og kva om det skulle blø igjennom?

Om lag halvparten av befolkninga kjem til å oppleve å ha menstruasjon i ein betydeleg periode av livet. Basert på ein gjennomsnittleg menstruasjonssyklus, som er 28 dagar, og ein blødningsperiode som normalt kan vere frå 3-8 dagar, vil ei gjennomsnittleg kvinne ha mensen i rundt 40-100 dagar i året.

1 av 5 norske kvinner synest framleis at det er flaut å dele med vener at dei har eller har hatt mensen. Men kva gjer du når mensen påverkar jobben din?

Etter mange års stillheit har det den siste tida vorte meir fokus på menstruasjon sin påverknad på idrettsprestasjonar.

Her er seks førebilete som har snakka ut om mensen:

21 år gamle Isabelle Pedersen var synleg lei seg etter at syklusen sette kjeppar i hjula for kroppen under 100 meter hekk-forsøket i samband med VM i Moskva 2013.
Foto: Lise Åserud / NTB

Hekkeløpar Isabelle Pedersen (30)

Allereie i 2013 var hekkeløpar Isabelle Pedersen open om at syklusen sette kjeppar i hjula for prestasjonane og VM-deltakinga.

21-åringen fortalde til NRK sin sportsreporter at ho har «den uheldige veka i månaden, som gjer at alt berre ikkje stemmer».

– Eg sov seks-sju timar midt på dagen i går fordi eg hadde så store smerter. Ingenting fungerte. Eg har vore heilt ute. Eg låg og hylgrein under bordet for det gjorde så vondt i magen, sa Pedersen til NRK.

I lang tid etterpå var den frittalande idrettsutøvaren kalla «mensenjenta», men seinare har fleire utøvarar kome på banen og delt erfaringar som påverkar prestasjonane.


Kinesiske Fu Yuanhui på sigerspallen i etter 4X100meter medley i symje-VM i Russland, 2015. Foto: AP Photo/Sergei Grits

Symjar Fu Yuanhui (26)

– Eg fekk faktisk mensen i går kveld, så eg føler meg veldig svak og veldig trøytt. Men dette er ikkje ei unnskulding. Til sjuande og sist, så svømte eg ikkje veldig bra.

I 2016 skapte den kinesiske svømmestjerna Fu Yuanhui overskrifter verda over då ho etter å ha svømt inn til fjerdeplassen fortalde ope om menstruasjonen sin. Den unge symjaren vart ein snakkis på det sosiale mediet Weibo og har fått skryt for å bryta tabu om mensen både i idretten og i Kina, ifølgje amerikanske NPR. Ein Weibo-brukar vart overraska over at kvinner kunne symja når dei hadde mensen.


Den britiske lengdehopparen Jazmine Sawyers (28) har vore plaga med intense menstruasjonssmerter, som har gjort det vanskeleg å fungere. Foto: Adidas

Lengdehoppar Jazmin Sawyers (28)

I 2017 klarte ikkje friidrettsstjerna Jazmin Sawyers å stille til start i Boston på grunn av intense menssmerter. På Twitter delte ho utfordringane med intense menssmerter.

– Me snakkar ope om skadar og sjukdom, men dette er noko me ikkje snakkar om og eg ville dela det fordi eg er sikker på at det er andre unge idrettsutøvarar som strevar med det, skriv Sawyerz i posten, som har fått over 2000 likarklikk og over hundre svar.

 


Kinesiske Qinwen Zheng (19) måtte sjå seg slått av polske Iga Swiatek i French Open i mai 2022 etter ein kamp der ho måtte ta medisinsk pause på grunn av menstruasjonssmerter. Foto: AP Photo/Christophe Ena

Tennisspelar Qinwen Zheng (19)

Sist ut er det kinesiske stjerneskotet Qinwen Zheng (19), som etter å ha overraska i årets French Open, tapte mot Iga Swiatek.

Ifølgje NRK har ho fått ros etter at ho opna opp om mensenutfordringane sine under pressekonferansen etter kampen.

– Eg må drive med idrett og har alltid masse smerter den første dagen. Eg kunne ikkje kjempe mot naturen. Eg skulle verkeleg ønske eg kunne vere ein mann og slapp å slite med det. Det er vanskeleg, sa Zheng.


Tiril Eckhoff feirar etter verdscupsigeren i 12.5 km fellesstart i skiskyting i Tsjekkia 2020. Foto: AP Photo/Petr David Josek

Skiskyttar Tiril Eckhoff (32)

Menssmerter kan stikke kjeppar i hjula for idrettsutøvarar, men den gode nyheita er at det no vert forska meir på og at det går an å tilpasse treninga til syklusen.

Skiskyttar Tiril Eckhoff har hausta mykje ros for å dele korleis ho i 2020 starta å periodisere treninga etter menstruasjonssyklusen.

– Når du har eggløsning, så har du ganske høgt østrogen og progesteron. Og østrogen er det som er vårt testosteron, og då byggjer ein lettare musklar. Så då løner det seg, då er ein ofte pigg, godt humør, å gønne på med litt hardt, fortalde Eckhoff i podcasten Kant ut, saman med skivenninna Ingrid Landmark Tandrevold.

Skiskyttar Ingrid Landmark Tandrevold fotografert under mediemøtet i samband med verdenscupavslutninga i skiskyting i Holmenkollen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB


 

Skiskyttar Ingrid Landmark Tandrevold (25)

Det å ikkje ha mensen kan vere ei minst like stor uro, som det å få det. I podcasten Kant ut fortel skiskyttar Ingrid Landmark Tandrevold (25).

– Mi mensenhistorie er at per dags dato har ikkje eg mensen. Det har vore ei kjelde til mykje bekymring, for eg har ikkje skjønt kvifor eg ikkje har det. Eg har jo hatt det før, men eg har aldri hatt det regelmessig, fortalde Tandrevold i Kant ut-episoden med tittelen La oss snakke om mensen og trening.

Skiskyttaren fann ut at den uregelmessige menstruasjonssyklusen skuldast polycystisk ovariesyndrom (PCOS) og har til liks med Eckhoff vorte rosa for openheita si.


Illustrasjonsfoto: Omar Ram og Josefin, Unsplash.com. Emojipedia. Kollasj: Framtida.no