Gløymde kriser i 2023: – Får ikkje merksemd i medium som favoriserer hendingar

Medan det vart skrive nærmare 300 000 artiklar om Barbie-filmen, var det berre 1049 artiklar som tok for seg krisa i Angola.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Internasjonale medium har hatt brei dekning av jordskjelvet i Tyrkia og Syria, krigen i Ukraina, og krigen på Gazastripa. Det er bra. Samstundes ser vi at nokre kriser overskygger andre.

Det uttalar generalsekretær i Care Norge Kaj-Martin Georgsen i ei pressemelding. Torsdag la organisasjonen fram ein rapport over verdas største gløymde kriser.

Om rapporten

Care International har i samarbeid med medieovervakingsbyrået Meltwater gått igjennom om over fem millionar nettartiklar på engelsk, fransk, spansk, tysk og arabisk. Slik har dei laga ein rapport som tek for seg dei ti mest underrapporterte krisene i verda i 2023.

 

Angola, Barbie og iPhone

Alle dei ti krisene som blir løfta fram i oversikta, er i Afrika, noko som òg var tilfelle i fjor.

For andre år på rad toppar det vestafrikanske landet Angola lista.

Flaum, tørke og ein langvarig borgarkrig har ført til at over sju millionar menneske i landet har behov for naudhjelp.

Det blei publisert 1049 nettartiklar internasjonalt om krisa i Angola. I den same perioden vart det publisert 273 279 artiklar om Barbie-filmen, og nesten ein kvart million artiklar om iPhone 15, har Care kome fram til.

– Medias merksemd blir ofte retta dit det skjer noko spektakulært, som jordskjelv, kupp eller bomber. Men lidingane er like store, og rammar ofte enda fleire menneske, i landa på Care si liste. Dei får likevel ikkje merksemd i medium som favoriserer hendingar framfor langvarige kriser, påpeiker Georgsen.

Svolt og feilernæring

Etter Angola følgjer Zambia og Burundi, med høvesvis 1371 og 3939 artiklar om krisene i landa.

Zambia er eit land som er svært utsett for konsekvensane av klimaendringar, og 1,35 millionar menneske er råka av svolt.

I Burundi er feilernæring ei stor utfordring, noko som påverkar 5,6 millionar barn. Matvareprisane har òg auka med nesten 40 prosent på grunn av inflasjon.

Dei ti mest underrapporterte krisene i 2023

1: Angola – 7,3 millionar menneske treng naudhjelp

2: Zambia – 1,35 millionar menneske har for lite mat

3: Burundi – 5,6 millionar barn lid av kronisk feilernæring

4: Senegal – 1,4 millionar menneske lever med matusikkerheit

5: Mauritania – éin av fire lever i fattigdom

6: Den sentralafrikanske republikk – har den 6. høgaste barnedødelegheita i verda

7: Kamerun – Éin av seks har behov for naudhjelp

8: Burkina Faso – 8,8 millionar menneske lever under fattigdomsgrensa

9: Uganda – mødredødelegheita er på 284 per 100 000 fødsel

10: Zimbabwe – nesten 8 millionar menneske lever i ekstrem fattigdom

Kjelde: Care Norge

 

Generalsekretæren i Care Norge trekker fram at det i 2024 er nesten 300 millionar menneske i verda som treng humanitær hjelp, ifølgje FN. Mange av krisene er i stor grad menneskeskapte, og mogleg å gjere noko med, meiner han.

– Men både politiske løyve og enkeltmenneske si givarglede avheng av at ein får høyre om det som skjer. I fjor blei berre ein tredel av naudhjelpsbehovet globalt finansiert. Det er definitivt ikkje nok.