Det var eigentleg løyvd 2 millionar kroner til tilskotsordninga til kommunale prosjekt i 2023. 20 kommunar har søkt om å få ein del av summen. Dei har alle søkt etter makssummen på 200 000 kroner.
– Det er gledeleg at så mange kommunar ønsker å legge til rette for å gi ungdom sommarjobb som fiskar. For at alle kommunane skal ha moglegheit til å gjennomføre prosjekta er det viktig at tilskotet ikkje blir redusert for mykje, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Ein million meir
I revidert statsbudsjett som blir lagt fram 11. mai kjem det fram eit forslag om auke løyve med ein million kroner. Regjeringa løyver då til saman 3 millionar til tilskotsordninga.
Om kommunane som har søkt gjennomfører prosjekta sine og får nok interesserte ungdommar, blir det planlagt for at opp til 288 ungdommar kan få sommarjobb.
– Det er viktig for rekrutteringa til fiskerinæringa at fleire unge jenter og gutar får prøve seg på havet. Gjennom desse kommunale prosjekta får ungdom som ikkje har kontaktar i næringa moglegheit til å prøve seg som fiskarar, seier fiskeri- og havministeren.
Prosjektet går ut på at kommunen leiger båt med fiskeskipper der ungdommane kan jobbe. Kommunane må dokumentere eit godt fagleg opplegg for ungdommane, og i fleire av kommunane er prosjekta gjennomført i samarbeid med næringa og organisasjonar.
I tillegg til støtteordninga for kommunale ungdomsfiskeprosjekt vert også den ordinære ungdomsfiskeordninga for 2023 vidareført.
