«Oskars trippel sjoko» blir marknadsført ulovleg mot barn

Forbrukartilsynet har bedt om at den ulovlege marknadsføringa av «Oskars trippel sjoko» blir stansa.

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Forbrukartilsynet har bedt om at den ulovlege marknadsføringa knytt til Oskar Westerlins sjokoladebollar blir stansa så snart som mogleg.

Det skriv Forbrukartilsynet i ei pressemelding fredag morgon.

Forbrukartilsynet meiner at produktet blir ulovleg marknadsført mot barn fordi marknadsføringa inneheld direkte oppmodingar om å kjøpe bollane.

Influensar Oskar Westerlins bolle har gått viralt i sosiale medium, spesielt blant unge.

– Me tek dette på alvor, og tek til oss kritikken. Me har allereie gjort endringar i marknadsføringa av produktet, skriv Westerlins manager, Vilde Darvik til Godt.no.

Manageren seier at marknadsføringa av bollane no skal gå føre seg i kanalar der dei veit meir om alderen til brukarane.

– Ikkje fritt fram

Forbrukartilsynet meiner å ha sett ein auke av ulovleg marknadsføring som rettar seg mot barn og unge via sosiale medium. Spesielt på TikTok.

– Det er ikkje fritt fram når marknadsføring kan sjåast eller høyrast av barn. Reklamen aukar på sosiale medium, mellom anna på TikTok, som i hovudsak blir nytta av barn og unge, seier direktør i Forbrukartilsynet Trond Rønningen i pressemeldinga.