Mattilsynet: Sal av Prime bryt norske reglar
Sal av dei amerikanske drikkene Prime Hydration og Prime Energy strir mot norsk regelverk, melder Mattilsynet i ei pressemelding.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var fyrst publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.
Drikkene har på kort tid vorte populære blant barn og unge i Noreg.
Fleire av produkta har eit høgare innhald av koffein enn det som er lov, og eit høgare innhald av vitamin A enn det som er tilrådd, skriv Mattilsynet.
– Me er difor særleg uroa over at produkta blir marknadsførte aggressivt mot barn og unge. Produkta blir blant anna selde i nettbutikkar, daglegvarehandel og til og med i leiketøybutikkar, uttaler seksjonssjef Are Sletta i Mattilsynets seksjon for kjemisk mattryggleik.