Utvikla internasjonal dataspelsuksess frå hybelen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I takt med auka digitalisering i samfunnet har det dukka opp fleire nye yrke, som ein for tjue år sidan berre kunne fantasere om å ha. Tal frå Medietilsynet viser at ni av ti gutar og seks av ti jenter i alderen 9–18 år spelar dataspel på jamleg basis. Marknaden er stor og det gjer òg at fleire vel å slå seg opp som spelutviklarar og -designarar.

Øystein Pedersen frå Kvinesdal er ein av dei som har valt å satse på spelutvikling.

I over tre år sat han på hybelen i Oslo og skapte eit spel med utgangspunkt i norsk natur og landskap.

– Eg hadde ikkje store forhåpningar, men håpa kanskje at eg kunne tene rundt 25 000 kroner som ei validering på at det eg lagar er verdt noko for andre, fortel han til Nynorsk pressekontor.

Ung mann i skinnjakke i Frognerparken.

Øystein Pedersen frå Kvinesdal er ein av dei som har valt å satse på spelutvikling. I over tre år sat han på studenthybelen og laga eit spel med inspirasjon frå norsk natur og landskap. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

«Northern Journey»

Spelet med namnet «Northern Journey» blei lansert for eitt og eit halvt år sidan. Pedersen sjølv karakteriserer spelet som ein «slow burner». Det betyr at ikkje alle kasta seg rundt for å få tak i det då det vart lansert, men at salet har vore jamt godt over tid.

Spelet får ein tak i hos den internasjonale speldistributøren Steam. Der kan òg dei som har spelt spela legge att tilbakemeldingar. Spelet til Pedersen har fått over 1100 meldingar og nesten alle er overveldande positive. Denne suksessen har òg kasta av seg for Pedersen

– No har eg vel tent ei over gjennomsnittleg god årslønn, og det kjem framleis inn inntekter, fortel han.

Illustrasjon av nøkken i eit vatn med vassliljeblad. Tekst: Northern Journey

Er det den norske eventyrfiguren nøkken som kikkar fram frå tjernet i «Northern Journey»? Foto: Illustrasjon frå spelet

Bilete frå barndommen

Mykje av utviklingsprosessen brukte Pedersen på å gå rundt i naturen og ta bilete som han kunne implementere i spellandskapet.

– Eg har heilt frå eg var barn vore glad i å vere i naturen, og i hovudet mitt har eg danna meg bilete av stadar eg har besøkt. Desse bileta har eg prøvd å implementere i spellandskapet, seier Pedersen.

På reisa rundt i «Northern Journey»-universet kan du mellom anna sjå fjell, fjordar, fossar og mange andre klassiske kjenneteikn på norsk natur.

– Utgangspunktet for heile spelet er ved ein fjord der ein liten veg startar og svingar seg oppover fjellsida. Dette kjem frå mentale bilete eg sjølv har skapt av at det ofte er slike vegar ved norske fjordar.

Illustrasjon av fjellandsskap i ein mørk atmosfære.

Dramatiske fjellandskap pregar spelet «Northern Journey». Foto: Illustrasjon frå spelet

Gjort alt sjølv

Pedersen er ein såkalla indie-utviklar. Det betyr at han har gjort alt arbeidet med spelet sjølv. Det har resultert i tusenvis av arbeidstimar og svært lite fritid.

– All tid går med til spelutvikling. Viss eg tek meg fri får eg berre dårleg samvit overfor meg sjølv, fortel han.

I 2023 er det ikkje slik at eit spel nødvendigvis er ferdig sjølv om det er lansert.

– Når folk spelar og opplever at noko ikkje er som det skal eller har tips av anna slag sender dei tilbakemeldingar. Då må eg inn og programmere og endre. Spelet har blitt oppgradert rundt hundre gonger sidan det kom ut, men no har det heldigvis roa seg slik at eg kan fokusere på nye prosjekt.

I tillegg til jobben som spelutviklar jobbar han i ei 25 prosent stilling i skulefritidsordninga. Han fortel at denne jobben er viktig for han.

– Når eg sit i mi eiga boble og lagar spel synest eg det er ein utruleg viktig kontrast å komme på SFO og oppleve ei heilt anna verd. Difor er eg heller ikkje sikker på om eg kjem til å kvitte meg med den jobben om spelutviklinga skulle kaste endå meir av seg.

Illustrasjon av gigantiske insekt.

Eventyrlege vesen finst overalt i spelet til Øystein Pedersen. Foto: Illustrasjon frå spelet

Nytt spel om to år?

Spelutviklaren frå Kvinesdal ligg ikkje på latsida og er i gang med eit nytt spel. Han fortel at han denne gongen har møtt på litt fleire utfordringar enn sist.

– Det handlar om landskapet. Førre gong hadde eg bileta klart for meg og eg forstod på eit vis kva som kom til å sjå fint ut. No er det eit meir lavaaktig landskap og då synest eg at det er ei utfordring å vite heilt kva som kjem til å bli bra til slutt.

Han håpar å vere ferdig med det nye spelet innan to år – også denne gongen er planen å gjere alt sjølv.

– Eg har oppdaga at eg jobbar best aleine. Når ein sit så lenge som eg har gjort og jobbar på eiga hand utviklar eg heilt eigne teknikkar og arbeidsmetodar, som ikkje nødvendigvis passar så godt med måten andre jobbar på, seier han.

Han vil likevel ikkje lukke alle dører.

– Om eg blir tilbydd ein jobb i eit utviklar-team må prosjektet vere noko eg verkeleg trur på. Eg vil ikkje kasta meg rundt på første og beste tilbod, seier Øystein Pedersen.


Furevik står ute og smiler til kamera.

Journalist Øystein Furevik. Foto: Solveig Barstad