Fortnite-skaparane får diger bot

Selskapet Epic er skulda for å ha lurt spelarar til å bruke pengar i spelet.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior

Amerikanske FTC har gjeve selskapet bak spelet Fortnite ei bot på om lag 2,6 milliardar kroner, skriv TEK.no.

Pengane frå bota skal gå til å betala dei råka brukarane tilbake.

FTC er eit statleg organ i USA som sikrar forbrukarvernet. Det vil seia at dei passar på at bedrifter som sel varer og tenester sel det dei seier at dei sel og at dei ikkje lurer kundane sine.

Manipulasjon

Spelgiganten skal ha brukt det som blir kalla manipulativt design for å lura spelarar til å bruka pengar i spelet. Dei har til dømes gjort knappane for å kjøpa v-bucks mykje meir synlege enn knappen for å angra kjøpet.

Epic skal òg ha gjort det veldig enkelt for barn å bruka pengar i spelet utan foreldretilsyn. Dette gjorde at mange barn skal ha brukt store summar på kort tid.

Vidare skal selskapet ha låst eller truga med å låsa kontoane til brukarar som har forsøkt å avbryta pengeoverføringane.


Det at du ikkje veit kva boksen inneber, kombinert med at du kan selje innhaldet vidare viss det er verdifullt, gjer at loot-boksar kan likne gambling, meiner Edvard.