Spel skal gjere unge til gode klimarådgjevarar
Med «Spelet om klima» håpar forskarar ved Universitetet i Oslo å gjere både ungdom og lokalpolitikarar til betre endringsagentar for lågutsleppssamfunnet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målet er å engasjere ungdom på deira eigne premissar. Gjennom spelet kan dei lære meir om klima- og naturendringar, om effekten av ulike klimatiltak og om demokratiske prosessar.
– Ikkje minst vil dei kjenne seg sett og lytta til dersom dei får gjennomslag for nokre av ideane sine i den verkelege politikken, seier forskar Ole Smørdal ved Institutt for pedagogikk i ei pressemelding.
Han er ein av leiarane i Include, Senter for sosialt inkluderande energiomstilling, som har utvikla spelet. Det rettar seg også mot politikarar og andre offentleg tilsette, som kan lære noko om korleis ungdom brukar spel for å samarbeide med andre, kva språk dei bruker, korleis dei lagar strategiar, forhandlar og kommuniserer.
Smørdal understrekar at kommunane har fått eit nytt samfunnsansvar i å legge til rette for innovasjon og å involvere innbyggarane i å diskutere og komme fram til nye klimatiltak. Dialog er sentralt i det nye spelet.
– Med samtalen deler og utviklar vi kunnskap og forståing. Vi får tilgang til ny informasjon som vi kan bygge vidare på og kanskje også utfordre den informasjonen og endre meining, seier Anja Amundrud, som også er forskar ved Institutt for pedagogikk og Include.
«Spelet om klima» skal i første omgang testast ut i folkebibliotek og skular i Lillestrøm.