Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mathias Jørgensen er leiar i Hyperion. Foto: Privat

– Ein må ikkje angripe dei som ønsker å spele det, for dei gjer det som Harry Potter-fans, ikkje J.K. Rowling-fans. Dei gjer det fordi bøkene og filmane var ein stor del av barndommen deira, ikkje fordi dei støttar Rowlings syn på transpersonar.

Det skriv Mathias Jørgensen, leiar for Hyperion, forbundet for fantastiske fritidsinteresser, i ein e-post til Framtida.no.

I dag blir det nye Harry Potter-spelet Hogwarts Legacy sleppt, men allereie tysdag fekk dei som hadde førehandsbestilt Deluxe-versjonen tilgang.

Jørgensen synest det er fint at det kjem eit «open world spel» om Harry Potter, men forstår at mange ikkje ønskjer å spele eller støtte det på grunn av kontroversane knytt forfattaren. Han meiner likevel ein må skilje J.K. Rowling frå Harry Potter – skilje skaparen frå verket. 

Boikott-debatt

Meldarar har rosa spelet opp i skyene, og etter at Deluxe-versjonen blei tilgjengeleg, blei Hogwarts Legacy det enkeltspelar-spelet som har hatt flest sjåarar på strøymeplattforma Twitch.

Men tilknytinga til forfattar J.K. Rowling har skapt debatt. Fleire har oppmoda til boikott av spelet på grunn av måten Rowling har uttala seg om transpersonar.

NRK-meldar Rune Fjeld Olsen var til dømes usikker på korleis han skulle stille seg til spelet som meldar.

«Hogwarts Legacy» ser bra ut, men jeg gremmes over det transfobiske korstoget J.K. Rowling kjører på Twitter», skreiv han i ei sak om spela å glede seg til i 2023.

Utviklarane av Hogwarts Legacy, Avalanche Software, understrekar at Rowling ikkje har vore med på å utvikle spelet, men det er basert på hennar univers, og utviklarane har samarbeidd med teamet hennar. Ho vil òg tene royalty-pengar.

Hogwarts Legacy går føre seg i Harry Potter-universet, men er sett til ei tid lenge før Harry, Hermine, Ronny, Voldemort og dei andre kjende karakterane kjem til trollmannsskulen. Illustrasjon: Warner Bros

Engasjerer mange

Hyperion tar ikkje stilling til boikott, men forstår at nokre ønskjer å gjere det. Leiaren understrekar at Hyperion ikkje på nokon måte er samde i eller støttar Rowling sine utsegner.

– Veldig mange av våre medlemmar, kanskje til og med dei alle fleste, har eit forhold til Harry Potter-universet. For mange barn og unge var og er det introduksjonen til fantasy som sjanger og fantastiske interesser generelt sett. I tillegg er LHBTQ+ miljøet godt representert i Hyperion, så vi veit at alle kontroversane og diskusjonane rundt alt knytt til Harry Potter og J.K. Rowling engasjerer mange, fortel Jørgensen

Generalsekretær i Hyperion, Emilie E. Åm, har allereie brukt mykje av fritida si på å sjå Youtube-videoar av dei som har fått tidleg tilgang og gler seg stort til å spela det sjølv.

Dei har verkeleg lagt ein god innsats på detaljnivå, som gjer at ein kjenner igjen universet ein vaks opp med. Så eg er veldig klar for å dykka inn i spelet sjølv no som ein ekte Gryffindor, skriv Åm.

Generalsekretær i Hyperion, Emilie E. Åm, synest Hogwarts Legacy ser fantastisk ut, men tek avstand frå J.K. Rowling sine utsegner. Foto: Hyperion

Ho vaks opp med universet og interessa for Harry Potter har berre utvikla seg meir med tida, men ho understrekar:

– Eg er ikkje på nokon måte einig med Rowling eller hennar utsegner.

Transkarakter i spelet

Tidlegare i veka vart det kjent at det er inkludert ein transkarakter i spelet, Sirona Ryan. Sjølv om fleire trekker fram at det er bra at ein transkarakter er med, har spelet òg blitt kritisert av LHBT-miljøet, som peikar på at det verkar som eit grep for å dra fokus bort frå Rowling-boikott og at namnet til karakteren er stereotypisk.

– Inkluderinga av ein transkarakter er veldig velkommen, då auka representasjon i spel og andre medium er positivt og hjelper å bryte ned barrierar og fordommar, seier Mathias Jørgensen.

Han synest det er synd om inkluderinga av ein transkarakter berre er ein distraksjon frå dei andre kontroversane rundt spelet, og om utviklarane har valt såkalla pinkwashing.

– Vi kan ikkje kommentere på intensjonane til utviklarane, men bekymringane er veldig forståelege, seier han, og legg til at Rowling sine utsegner har såra mange. 

Jørgensen understrekar at mangfald i spel er viktig, men må gjerast riktig. Her er to andre karakterar frå Hogwarts Legacy. Illustrasjon: Warner Bros

Mangfald i spel

Hyperion-leiaren opplever at mangfald i spel, og andre medium, blir betre, men meiner det framleis er ein lang veg å gå.

– Mangfald og inkludering er viktig i medie- og kulturuttrykk, då det hjelper forbrukarane i å kjenne seg igjen i og forstå produktet, så vel som at det er ekstremt viktig at alle kan føle seg sett og kjenne att noko av seg sjølv i slike uttrykk.

Han er likevel oppteken av at mangfald for mangfaldets skuld ikkje nødvendigvis er positivt.

– Med det meiner eg det å leggje til karakterar berre for å skape eit visuelt mangfald, og at historia og gameplayet knytt til desse er dårleg utvikla og ikkje ein sentral del av spelet.

Han peikar vidare på at representasjon i spel ikkje berre må skje ved å framstille stereotypiar eller at historiene knytt til karakterane berre representerer nokre fordommar eller stereotypiar mange kan ha knytt til ulike samfunnsgrupper.

– Mangfald er bra, men det må gjennomførast ordentleg og heilhjarta, ikkje berre for å fylle ei kvote.


Mathias Jørgensen er leiar i Hyperion. Foto: Privat