Jonas Yang Tislevoll
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

–  Eg har alltid vore opptatt rundt urettferd og at folk skal kunne ha like moglegheiter i livet. Journalistikken er ein moglegheit for meg til å røske litt tak i folk.

Kyrre Lien (32) er utdanna fotojournalist ved Oslomet. Arbeidet til Lien har over mangfaldige år blitt lagt merke til verda rundt og har vore publisert hos blant anna: The New York Times, The Guardian, Bloomberg, Aftenposten og VG.

Gjennom åra som fotojournalist har Lien blant anna jobba tett på konflikten i Gaza, Midtausten, Utøya, og ikkje minst krigen i Ukraina.

I mars 2021 vart Lien tilsett som utanrikskorrespondent hos Verdens Gang. Først flytta han til Beirut for to år. I dag har Lien base i Polen.

– Det er mykje hardt arbeid som ligg bak. Det er lange dagar, men det er ein ekstremt givande jobb. Eg vil seie det er ein av dei beste jobbane som ein kan ha, seier Lien på telefon til Framtida.

Endring i bransjen

– For utanrikskorrespondentane er nok psykisk helse og fokus på dette heilt annleis enn kva det var for 10 til 20 år sidan. På den tida var mantra at utanrikskorrespondentane ikkje lét seg affektere, og gjerne møtte sterke inntrykk med eit par øl.

Kyrre har budd to år i Beirut. Her har Lien fotografert eit brudepar som prøver å ta seg fram, men som blir hindra av demonstrantar som protesterer mot dei dårlege levevilkåra som stadig blir verre i Libanon. Foto: Kyrre Lien

Dei siste åra har det blant anna den kjende utanrikskorrespondenten Fredrik Græsvik fortalt om utfordringar med jobben. Han nemnar både ting knytt til det mentale, men også rundt det å leve eit normalt liv med familie. Lien ser heilt klart at det har vore ei endring på dette.

– Eg og sambuaren min budde to år i Beirut. No har eg ein pendlarleilegheit i Polen, medan ho bur i leilegheita vår i Oslo. Det er viktig å ha ein partnar som verdset den type livsstil med å bu ulike stader og i blant ha uføreseieleg arbeid.

Lien fortel at han heilt klart ser ei endring hos mediehusa knytt til mental helse, oppfølging, men også at folk skal ha moglegheit til å vere i jobben over lang tid.

For Lien har det kollegiale vore til hjelp i møte med mange forskjellige inntrykk.

– Vi som jobbar ute i felt møter mange menneske med ulike skjebnar, og vi er til stades i deira sårbare situasjon. Eg prøver alltid å førebu meg på kva eg skal møte, vere empatisk, men også ha ein slags emosjonell distanse til det heile.

– I VG har vi tilbod om debrifing med psykolog, men for min eige del har det vore betre å ha debrifinga med kollegaer.

På godt og vondt

Det å jobbe som utanrikskorrespondent har både  gode og dårlege sider. Lien innrømmer at ikkje alt med jobben er like glamorøst.

– Mykje av tida går til kjedeleg logistikk, halde seg oppdatert på nyheitsbilde og forsøke å vere så lite som mogleg i Polen. Ein stor del av jobben handlar om å komme seg i posisjon eller frå a til b, men det er også kort veg frå idé til gjennomføring.

Kyrre Lien på jobb for VG i Taliban. Foto: Privat

På den andre sida kan Lien fortelje om unike sider ved jobben sin.

– Eg er vanvitig privilegert som får lov til å vere så tett på verdshendingar, og verkeleg vere til stades der historia blir skapt. Eg får moglegheit til å bruke det at eg skal skrive og rapporterte til å treffe vanlege menneske. Få innpass i deira heim, samtidig som eg kan dele ein kopp te, vodka eller kva det skulle vere.

Alltid ein risiko

Over fleire år har Lien fotografert, dokumentert og rapportert frå fleire brutale krigsområde.

– Vi jobbar alltid for å minimere risikoen mest mogleg, samtidig vil det alltid vere ein risiko i krigs- og konfliktområde.

For kvart oppdrag må Lien saman med arbeids­givaren gå gjennom ei sikkerheitsvurdering. Då handlar det om å sjå på kor lista skal bli lagt, samtidig tenker over kor risiko ein skal ta.

– Årsaka til dette er at vi har sett at journalistar og fotografar har blitt eit tydlegare mål. Vi som jobbar ute i felt opplever også at vi er meir utsett enn før.

Kyrre Lien har vore på fleire turar for å dekke krigen i Ukraina. På bildet har Lien fotografert eit artilleri i posisjon nokon kilometer frå Bakhmut kor ukrainske soldatar fyrer av granatar mot dei russiske soldatane. Foto: Kyrre Lien

Om andre utfordringar seier Lien at det i blant kan vere å finne metodar for å fortelje konfliktar i utlandet som engasjerer hos vanlege menneske i Norge.

No er det litt over eitt år sidan Russland invaderte Ukraina i det som vart ein fullskala krig. Personleg kjennast det ut som at eg må jobbe mykje hardare for å fange merksemda og interessa hos lesarane, enn då krigen først braut ut.

Les også: Ukrainske Dima (8) får gå på skulen igjen

Ikkje for alle

Lien er i dag ein av Noregs mest anerkjende fotojournalistar, men at han hamna i pressa var heilt tilfeldig.

– Eg hadde aldri ein draum om å bli utanrikskorrespondent eller å jobbe i pressa. Det er ei interesse og motivasjon som har kome undervegs, og som berre har blitt større med åra. Ting eg opplever som urett er med og triggar meg. Det er viktig å vere med å nyansere bildet vi har på verda.

Interesse og motivasjon er også noko av det Lien nemner for unge som ønsker å jobbe mot eit mål som utanrikskorrespondent.

– Eg trur jobben passar for dei som er nysgjerrig, og har eit driv og ønske om å gjere verda til ein betre plass. Eg veit det høyrest flåsete ut, men det er ein arena du kan sette fokus på ting som kan gjere ein forskjell.

Familien Harara har eit tre etasjars hus med fire leilegheiter. Eit av dei er fullstendig øydelagt av krigen i Gaza i 2014. Kvar natt dekker barna til den øydelagde muren slik at dei får sove, var noko av det Lien skreiv om bildet som vant Noregs beste bilde i 2014. Foto: Kyrre Lien

I ei tid der samfunnet blir prega av framandfrykt og polarisering er Lien klar på at unge kan vere med å ta eit aktiv val for å dempe dette. For å ha moglegheit til å jobbe som utanrikskorrespondent seier Lien det ikkje er noko fasit, men oppfordrar alle til å studere journalistikk og relevant språk.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Eg trur nok at nokon tenker at utanriks­korrespondentar er litt bajasar som drikk mykje, har masse øydelagde ekteskap bak seg, og som berre druser inn i krig for å rapportere, humrar Lien.

Tette band til Ukraina

To dagar før den norske nasjonaldagen fyller Lien 33 år. Trass sin unge alder har fotojournalisten opparbeidd seg mykje arbeidserfaring.

Allereie som 23-åring var Lien i Ukraina for å dokumentere Russland sin invasjon av områda Krim, Luhansk og Donetsk.

Derfor er det kanskje ikkje så rart at det akkurat krigen i Ukraina Lien trekker fram som noko av det han hugsar best frå si arbeidskarriere.

– Invasjonen av Ukraina sit igjen veldig sterkt. Eg var i Kiev då Russland var på veg inn i Ukraina. Kvelden før var eg på telefonen og såg at nokon overvakingskamera ved grensa vart slått av.

Nokre timar seinare forstod Lien at ein av verdas største militærmakter var på veg mot byen han var i. Han beskriv det som eit sterkt augeblikk i ein veldig uoversiktleg situasjon.

– Det var uverkeleg at eit land og menneske som eg var glad i plutseleg fekk ein krig tredd over hovudet på seg. Eg hugsar det var ein kafé som låg i hamnebyen Mariupol som før krigen serverte nydeleg kaffi og ein veldig god Egg Benedict. Etter det russiske militæret hadde valsa over byen låg heile byen i ruinar. Alle plassar og menneska eg kjende var vekke.


Kvinne i blå kjole med målebånd på skudrene, setter nåler på ein bunad på ei utstillingsdokke.