Victoria (22) er utdanna bunadtilverkar: – Det er ein livsstil

Åshild Slåen
Publisert

– Det kan bli lange dagar og stress i periodar, særleg før 17. mai. Men når ein har gleda i det ein gjer, så gjer ein det, år etter år.

Slik skildrar Victoria Nor (22) yrket bunadtilverkar, altså ein person som lagar og tilpassar bunadar. Ho tok svennebrev i faget i oktober i fjor, og no er ho hospitant ved Gudbrandsdalsmusea.

Kva ho vil gjere etter hospitantperioden er likevel klart.

– Eg vil gjerne fortsette å jobbe med faget mitt! Eg er handverkar, og historie og saum er noko som interesserer meg.

Ho fortel at ho ikkje veit nøyaktig kvar ho endar opp heilt enno.

– Men bunadtilverkar, det vil eg vere.

Eit verneverdig fag

Det er ikkje så mange som vel å bli bunadtilverkarar, og faget blir rekna som verneverdig av Utdanningsdirektoratet. For Victoria var det likevel heilt klart det ho ville drive med, då ho fyrst lærte at det gjekk an å ha det som arbeid.

– Eg har alltid vore glad i historie, handverk og gamle klede, men det tok litt tid før eg lærte at bunadtilverkar var eit yrke, og at det handla om dei tinga eg var mest
interessert i! Levande kulturarv er spennande og viktig, og eg vil så gjerne lære meir og
vidareføre dette.

Det er mykje detaljarbeid når ein skal arbeide som bunadtilverkar. Foto: Privat

– Kva forventningar hadde du til yrket?

– Då eg starta som lærling, så visste eg lite om kva eg eigentleg gav meg utpå. Eg visste for lite om yrket, men eg hadde så lyst til å lære.

– Heldigvis hamna eg hos dei beste læremeistrane, og deira interesse og glede i faget var smittsam. Men det eg har lært er at det å vere bunadtilverkar er ein livsstil.

For henne blir stresset rundt til dømes 17. mai gjort opp for med arbeidsglede.

Lærlingtid

Sidan bunadtilverkar er eit yrkesfag, ligg ein stor del av utdanninga i lærlingtida, når du får vere med og erfare korleis faget blir utført.

– Som lærling er du med på så å seie alt som skjer i bedrifta, alt frå golvvask til utlevering av bunad, så ein får eit godt inntrykk av kva som møter ein når ein skal begynne å jobbe sjølv.

– Eg kom til bedrifta om morgonen, rundt klokka 9, og gjekk rett på prosjektet mitt. Det hang som regel klart frå dagen før. Læremeister var tilgjengeleg, og viste meg korleis ting kunne gjerast, fortel Victoria om læretida.

Saman med læremeisteren såg ho på originalmateriale, altså gamle klede og stoff, og tok val ut ifrå det. I løpet av lærlingtida hadde ho studieturar nettopp for å blant anna å sjå på meir av slikt originalmateriale.

Victoria ser på originalplagg til inspirasjon for arbeid med bunader. Biletet er teke ved Odalstunet. Foto: Mona Løkting

Som lærling lærte Victoria seg blant anna å sy både for hand og med maskin, kva slags materiale som passa, korleis ho skulle tilpasse klede for kundar, og korleis ho skulle behandle kundar.

Det kom raskt godt med:

– Litt ut i løpet fekk eg eigne kundar der eg hadde heile prosessen for meg sjølv, med kundebehandling, klipp og saum, prøvingar og utlevering.

I tillegg til at det er ein allsidig jobb ho likar å gjere, er kundeopplevingane noko av det beste med jobben.

Rutaliv og Råndastakk. Foto: Privat

Det er ei glede å ha skapt noko, og særleg når kunden får på seg bunaden og du ser kor staselege og fornøgde dei blir.

Arbeidsform

Som bunadtilverkar kan du arbeide som tilsett i ei bedrift, eller du kan ha di eiga verksemd, til dømes som eit enkeltpersonføretak. Etter hospitanttida er Victoria mest interessert i det fyrste.

– Eg er ikkje klar for å jobbe for meg sjølv, for då er det så mykje meir enn faget ein må halde styr på. Så for augneblinken er eg interessert i å vere tilsett.

Førebels har ho nok med arbeidet ho gjer for Gudbrandsdalsmusea, der ho registrerer gamle tekstilar, reiser rundt og ser kva andre museum har av gamle klede, og førebuing til ei utstilling i sommar.

Det er veldig spennande! Livet som hospitant har gitt meg moglegheit til å fordjupe meg i faget mitt.

Aldri utlært – men ein kan ha favorittar

Særleg eit spørsmål må med no når bunadssesongen er nære:

– Kva er favorittbunaden din?

– Eg må jo seie at livkjolane frå Gudbrandsdalen er spennande, og det er jo også desse eg har jobba mest med i læretida mi.

Råndastakk med damaskliv. Råndastakken er ein av dei tradisjonelle draktene i Gudbrandsdalen. Foto: Privat

Ein livkjol frå Gudbrandsdalen som Victoria arbeidde med under lærlingtida. Foto: Privat

Likevel kjem ho ikkje unna heimstaden sin.

– Eg er svak for dei rekonstruerte bunadene, og då særleg den rekonstruerte Solør-Odals bunaden, då han er frå heimplassen min. Det er så gøy med alle variasjonane ein kan ha, slik som dei hadde frå gammalt av!

Ho brenn for at fleire skal vere interessert i og ville lære om tradisjonskleda i Noreg.

Fleire teknikkar må sitte som bunadtilverkar. Foto: Privat

– Mine draumar for framtida er at eg skal kunne leve av dette, og eg vil gjerne formidle vidare kunnskapen og inspirere folk! Eg vil ikkje seie at alt var betre før, men vi har mykje å lære av dei før oss. Særleg med dagens miljøproblem og klesproduksjon er godt handverk viktig. Bunaden er godt handverk. Han er laga for å vare og av materiale frå naturen.

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for deg som er handverk- og historieglad, er nøye og synest det er gøy å skape. Litt kreativ og løysingsorientert bør ein også vere til tider.

– Har du tips til ungdom som siktar mot å bli bunadtilverkar?

– Jobb på, og finn noko du synest er spennande! Det er så mykje gøy der ute, men ein skal ikkje kunne alt. Dette er et fag du aldri blir utlært i.


Vesle Mette Ørnelund feirar nasjonaldagen i 1947. Foto: Leif Ørnelund/Digitalt Museum/CC BY SA 4.0