Jonas Yang Tislevoll
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

– At regjeringa aukar bu- og reisestipend for praksis synest vi er bra, og det er noko vi ved ulike anledningar har spelt inn til politisk leiing i kunnskapsdepartementet, det seier Maika Marie Godal Dam, leiar ved Norsk studentorganisasjon, på telefon til Framtida.

Onsdag føremiddag la Støre-regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett. I ei tid der kostnadane aukar, var det knytt stor spenning til årets budsjett.

Der kom det blant anna fram at regjeringa føreslår å bruke 20 millionar kroner til å dekke utgifter til reise og bustad for studentar på helse- og sosialfag.

– Vi treng fleire folk som kan jobbe i helse- og sosialtenestene over heile landet. Vi har auka kapasiteten på sjukepleieutdanningane, men tilgangen på nok praksisplassar er ein flaskehals, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding onsdag.

I pressemeldinga står det også at denne ordninga vart praktisert for første gong i fjor, og gav svært gode resultat. Difor har regjeringa valt å halde fram med ordninga i år også.

NSO-leiar Maika Godal Dam. Foto: Sjalg Bøhmer Vold/NSO

Inga endring for studentane og meir til Lånekassen

– Vi har vore heilt tydeleg på at studiestøtta må auke, slik at vi ikkje er avhengig av om å forhandle om dette i kvart statsbudsjett, seier leiaren i NSO.

I gårdagens budsjett vart det lagt fram at det ikkje vil vere noko auke eller reduksjon i studiestøtta. Godal Dam i NSO er skuffa over avgjersla, men seier at dette er noko dei vil fortsette å kjempe for.

– Her skulle vi sjølvsagt gjerne sett ei positiv justering som følge av den store prisveksten, seier Godal Dam.

Sjølv om det ikkje vart auke i studiestøtta, har regjeringa føreslått å auke løyvinga til Lånekassen med 20 millionar kroner til utvikling av IT-system, med mål om å gjere utdanningsstøtteordningane betre tilpassa vaksne som tar korte utdanningar.

Illustrasjonsfoto: Ivan Aleksic/Unsplash.com

Meir pengar til Nokut

Det er sett av 3,5 millionar kroner meir til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut).  

– Fagskulane har ei avgjerande rolle for å sikre utdanning og kompetansebygging som arbeidslivet spør etter, seier Borten Moe i ei pressemelding onsdag.

– At sakshandsamingstida hos NOKUT har vorte ein propp i utviklinga av denne viktige sektoren er ein situasjon vi ikkje kan leve med, det seier forskings- og høgare utdanningsministeren vidare pressemeldinga.

Innanfor skulesektoren står det også at regjeringa føreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med 984 millionar kroner. Desse er fordelt på statlege og private institusjonar, og er justert etter deira vanlege løyving.

Norsk studentorganisasjon, Association of Norwegian Students Abroad og Organisasjon for norske fagskulestudentar får 75 000 kroner kvar i aukt tilskot. Dette skjer som følge av at dei ikkje lenger vil få honorar for å sitte i styret til Lånekassen, sidan styreordninga er avvikla.

Betre tannlegetilbod og meir pengar til psykisk helse

Regjeringa foreslår å legge om det fylkeskommunale tannhelsetilbodet til unge vaksne slik at personar frå 21 til 24 år berre skal betale 25 prosent eigendel.

Innan kultur- og fritidsaktivitetar har regjeringa sett opp ein auke på kultur- og likestillingsbudsjettet med heile 642 millionar kroner. Ein stor del av dette er ekstraordinær kompensasjon for lønns- og prisvekst.

– Alle skal få delta i kultur- og fritidsaktivitetar, uavhengig av kven dei er, kor dei bur eller kor stor lommeboka er. Derfor har vi no prioritert ei rekke små og store tiltak som bidrar til meir aktivitet i heile landet, skriv kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding onsdag.

Regjeringa styrkar også tiltak innan lågterskel psykisk helse- og rusarbeid med til saman 53 millionar kroner i forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2023.


NSO-leiar Maika Marie Godal Dam. Foto: NSO/Skjalg Bøhmer Vold