Tannhelsetilbodet for aldersgruppa 21 til 24 blir utvida
Det kjem fram i revidert statsbudsjett.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge vaksne mellom 21 og 24 skal berre betale 25 prosent i eigendel, foreslår Regjeringa. Dei vil styrkje den offentlege tannhelsetenesta.
– Vi er i gang med å styrkje den offentlege tannhelsetenesta. For mange unge vaksne er økonomi ein viktig grunn til at denne gruppa ikkje oppsøkjer tannlege. Det bidreg til sosial ulikskap, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.
I Hurdalsplattforma var det ei målsetjing om gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta for å likestille tannhelsetenesta med andre helsetenester.
I budsjettforliket med SV om 2023-budsjettet, var det opphavleg semje om å utvide tilbodet opp til 26 år, med 50 prosent eigenbetaling.
Ei nærare juridisk vurdering viste at dette var krevjande opp mot regelverket for statsstøtta, skriv departementet.

Illustrasjonsfoto: Caroline LM/Unsplash.com