No startar bygdepride: – Skal visa at det er trygt å vera seg sjølv i bygdesamfunna våre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Pride – frå det engelske ordet for stoltheit, er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Den fyrste norske pride-markeringa fann stad i Oslo i 1974, og har vore årleg i hovudstaden sidan 1982.

Fleire byar og tettstader har kome til med eigne feiringar, og dei siste åra har det teke av, særleg på bygda. Fleire kommunar rundt om i heile landet har teke steget og heisa regnbogeflagget til topps i flaggstonga utanfor rådhuset.

Frivillige og engasjerte arrangørar frå heile landet er optimistiske, og i år får fleire si eiga pride-markering med parade.

Dei fleste pride-markeringane blir arrangerte i sommarmånadene. Men dei som er fyrst ute startar allereie no i mai.

Fem år med Bygdepride i Ørsta og Volda

Den 6. mai blir det Bygdepride i Ørsta og Volda som går i gang som eitt av dei fyrste pride-arrangementa i landet i år. Ei heil veke med regnbogefestival er planlagd i dei to bygdesamfunna på Sunnmøre. I fjor var det om lag 2000 menneske som var med og gjekk i paraden.

I år, fem år etter den fyrste paraden som starta som eit lite «stunt», inviterer arrangørane særleg éi særskild gruppe til å vera med og feira.

– Dei siste åra har me arbeidd med å få med oss studentane i bygda. Dei er eit viktig miljø, og me har i alle fall to dagar på programmet der Høgskulen i Volda har regien, fortel Rune Sæbønes til Nynorsk pressekontor. Han er ein av skiparane og sit også i styret.

Sjølv om det er mykje organisatorisk arbeid er det mykje samarbeid på tvers av lokale institusjonar i bygdene. Alle andre arrangement enn paraden, er det nemleg lokale aktørar som står for. Blant dei til dømes ulike utestader og Aasen-tunet. Når festivalen blir sparka i gang, står mellom anna dragshow og regnbogemesse på programmet.

– Bygdepride skal vera gøy for skeive og alle andre, og me skal visa at me er trygge i lag, og at det er trygt å vera seg sjølv i bygdesamfunna våre, seier Sæbønes.

Eldre mann i dress. På dressen har han ein hjarteforma pins med regnbogefargane.

Rune Sæbønes er leiar for Bygdepride i Volda og Ørsta. Han er òg ein av dei som var med å arrangera bygdepride for fyrste gong. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

Store planar i Sogn og Fjordane

Sidan oppstarten av SoFjo-pride i 2019 i Sogn og Fjordane, har markeringa vore lettare prega av pandemi. Men i juni i fjor marsjerte både skeive og allierte gjennom gatene i Førde i Sunnfjord.

I år blir det både feiring og parade igjen. Leiar av SoFjo-pride Sandra Edith Kalland Tenud seier at mykje framleis er i planleggingsfasen, men at styret utvidar feiringa i 2023.

Sandra snakkar i mikrofon på scena. I andletet har ho måla på eit regnbogeflagg.

Leiar av SoFjo-pride Sandra Edith Kalland Tenud under fjorårets arrangement. Foto: Leon Bjorøy

– Me har alltid hatt ei pride-helg i Førde, der alle kan koma. Der har me hatt mellom anna korpsmusikk, utstillingar med skeiv kunst og parade. No har me òg ambisjonar om å legga til rette for ein pride-park.

Ho seier at styret har fått tilbakemelding på at publikum har sakna ein felles samlingsstad. Pride-parken skal legga til rette for det.

– På området tenker me å laga rom for sitta ned til både musikk og kviss. Me planlegg òg å legga til rette for stands der lokale aktørar kan synleggjera seg.

Markeringa i Førde går frå 16. til 18. juni, men er ikkje den einaste arrangementet i Sogn og Fjordane i år.

Historisk parade

– For fyrste gong i historia skal me arrangera pride-parade i Sogndal.

Etter tilbakemeldingar frå fleire interesserte og lokale aktørar, har styret peikt ut 23. september som den historiske datoen. Også studentar har vist interesse for å delta. Det er éi av årsakene til at feiringa går noko seinare.

– Her er me framleis heilt i planleggingsfasen, men det blir parade.

– Me utvidar til Sogndal no i denne omgang, men eg har tru på at me på eit tidspunkt kjem oss til Nordfjord òg, seier ho.

Det har ikkje blitt arrangert ei fysisk pride-markering i Sogn og Fjordane sidan 2019. Men i år skipar SoFjo-pride markering fleire stader i Sogn og Fjordane. Éi i Førde, og éi i Sogndal. På bildet ser ein Sogndal sentrum. Foto: Toralf Larsen Vallestad / NPK

Styret på Stord har talt

Det har vore oppslag i media om at det både blir Storapride, og at det ikkje blir noko av. Men nyleg annonserte festivalen sjølv på Facebook-sida si at det blir pride-markering på Leirvik i år, og at styret siktar seg inn på 12. august som den aktuelle datoen.

– Me sleit litt med at mange av dei som sat i styret, flytte frå Stord, og då blei det litt få igjen. Men så var det nokre i det gamle styret som tok initiativ og rekrutterte mange nye, mellom anna meg, og no er me mange engasjerte, seier David Milian Hauge som sit i styret.

Det består no av sju personar. Fleire av dei har bakgrunn frå andre politiske lag på Stord. Forutan sjølve paraden, blir det fleire arrangement på Leirvik under Storapride. Hauge fortel at styret mellom anna planlegg dragshow og framsyning av skeiv film.

Mange har teke turen til Leirvik under dei tidlegare pride-markeringane. Det har blitt talt opp nærmare 4000 deltakarar.

Bilete av hamna i Leirvik på Stord.

Lenge var det uvisst om ein fekk til å arrangera pride i sunnhordlandsbyen Leirvik. Men no er svaret klart. Det blir Storapride i år òg. Foto: Vidar Knai / NPK / NPK

Ny debutant på pride-arenaen

Fleire bygder i Telemark har dei siste åra fått sine eigne pride-markeringar. I år er ikkje noko unntak. Arrangør Arvid Tommy Juvskås fortel at paraden i Seljord i fjor blei ein suksess, og at han inviterer til endå ein parade i bygda.

– Som i fjor blir det ein storslegen parade. Det blir musikk, det blir dans, dikt, og ein kommunal debatt med gode spørsmål. Det er trass alt val til hausten, seier han.

Seljord bygdepride går i gang 17. juni. I fjor var det nærmare 500 personar som deltok. Men Juvskås har òg sett seg ei formidabel målsetting.

– Eg har som mål å arrangera pride over heile Vest-Telemark, seier han.

Eit regnbogeflagg vaiar i vinden

Eit regnbogeflagg vaiar i vinden. Flagget er assosiert med den skeive rørsla, og mange kommunar heisar flagget i juni månad for å visa støtte til skeive innbyggarar. Det er framleis nokre kommunar som reserverer seg mot å heisa flagget. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

19. august blir den fyrste pride-festivalen halden i Kviteseid kommune. Juvskås fortel at han er litt spent i samband med feiringa.

– Kviteseid er ein nokså konservativ kommune, men eg tenker det er dødsviktig at me viser at det er plass til dei som ikkje torer å vera seg sjølve her òg. Trass i at mykje kan verka grått, er det plass til fargar.

På programmet er mykje likt som i Seljord, men Kviteseid får besøk av VGTV-profil Morten Hegseth, som kjem for å ta del i ein debatt med lokale bønder mellom anna.

Mange pride-relaterte markeringar blir gjennomførte i regi av organisasjonen Fri. Men Juvskås står åleine om å arrangera. Han er i dialog med Vinje om å få arrangera parade der til neste år, og såleis tikka av endå ein kommune i Vest-Telemark på lista.


Foto: Ingvild Eide Leirfall, Ingeborg Bjerke Styve, Ahmed Umar. Xheni Karaj.