Éin av fem journalistar bruker KI til å skrive artikkelutkast
22,3 prosent av norske journalistar bruker kunstig intelligens til å skrive førsteutkast til nyheitsartiklar, ifølgje ein ny rapport.
Rapporten er laga av ei gruppe medieforskarar frå Høyskolen Kristiania, skriv Klassekampen.
– Det er allment kjent at KI blir brukt av mange i samfunnet. Men her ser vi at KI i stor grad også i praksis blir brukt til å produsere journalistikk, seier Joakim Lie, prosjektleiar ved Fritt Ord og initiativtakar bak rapporten, til avisa.
I rapporten kjem det fram at 57 prosent av norske journalistar bruker KI til å forbetre og redigere tekst. I tillegg bruker 53 prosent KI til informasjonsinnhenting og research.
– KI gir ofte assosiasjonar til store tekselskap og nyheitsredaksjonar, men rapporten viser også at det er noko som blir brukt mykje i mindre og uavhengige redaksjonar, seier Lie.
– Kva ventar lesarane?
Førsteamanuensis og leiaren av forskargruppa ved Høyskolen Kristiania, Gunhild Ring Olsen, er overraska over at éin av fem bruker KI til å generere eit førsteutkast. Ho seier at fleire av journalistane i djupneintervju svarte at dei får KI-modellane til å lage ferdige saker basert på lydopptak.
– Dette er interessant i lys av spørsmålet om avsendarmoral. Kva ventar lesarane av journalistikken? spør Olsen.
– Korte, oppsummerande saker om sportsresultat og eigedomsoverdragingar er i stor grad automatiserte allereie. Men med ein gong ein bevegar seg over til meir krevjande journalistikk, tenkjer eg som lesar at det bør vere eit tenkjande menneske som står bak artikkelen, seier ho.
Nyttig, men også bekymringar
I Aftenposten skriv forskarane i ein kronikk at nokre journalistar har laga eigne KI-modellar som er trena på journalisten sine eigne tekstar.
– Ein regional journalist beskreiv det slik: «Jeg har trent opp en GPT-modell på artikler som jeg selv har skrevet. Den kan for eksempel ta et doms- eller saksdokument fra fylkeskommunen, kverne det litt og komme ut med en sak som er ganske lik det jeg ville ha skrevet», heiter det i kronikken.
Men sjølv om mange journalistar beskriv KI som eit nyttig verktøy, er også mange bekymra:
– Norske journalistar fryktar ein dobbel tapssituasjon der KI svekkjer den faglege vurderingsevna til journalistane, samtidig som vi mistar kontroll over ei offentlegheit som blir fløymd over av KI-generert innhald, heiter det vidare i kronikken.






