Målte rekordhøg temperatur i verdshava denne påska

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det er ei forventa utvikling, men det er klart at dette er dramatisk, seier Bjørn Samset til NRK. Han er forskar ved CICERO Senter for klimaforskning.

Samset viser til ei måling frå amerikanske National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), som syner rekordhøg temperatur på overflata i verdshava i starten av april.

Tysdag 5. april var temperaturen i gjennomsnitt 21,1 grader. Før dette var rekorden 21 grader, som vart målt i 2016. Temperaturen har blitt målt i over 40 år.

Havtemperaturen kan kome til å stige enda meir. Verda går truleg inn i ein periode med vêrfenomenet El Niño. Det vil seie at temperaturane på havoverflata i Stillehavet er høgare enn vanleg.