Privatskule tilbyr elevar 5.000 kroner for å skaffe nye elevar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det stadfestar rektor ved skulen, Knut Åge Haugen, overfor Fædrelandsvennen.

– Dersom ein elev klarer å verve ein ny elev til hausten, så får den 5.000 kroner i eit gåvekort, seier han til avisa.

Bakgrunnen for tiltaket er at skulen får statsstøtte basert på talet på elevar. Praksisen starta førre veke, og vart formidla munnleg til elevane.

Rektoren stadfestar at dei har fått reaksjonar på tiltaket, men vil ikkje kommentere dette ytterlegare. Han vil heller ikkje seie om reaksjonane har vore positive eller negative.

Fylkeskommunen: – Heilt ny problemstilling

Agder fylkeskommune styrer inntaket til dei vidaregåande skulane i fylket, og utdanningsdirektør Arly Hauge seier at dette er ei sak som dei ikkje har nokon styringsrett over.

– Men dette er ei heilt ny problemstilling vi er stilte overfor. Vi jobbar alle partar med å marknadsføre tilboda våre overfor ungdom for å få dei til å velje rett. Vi ville ikkje ha gjort dette.

Elevreklame

Rektor Haugen erkjenner at dette er ein måte for skulen å skaffe inntekter på.

– Vi kan få nye elevar og sikrar at eleven som vervar blir på skulen. Nokre reklamerer på Facebook og betaler for det, eller deltek på messer. Ein annan måte er å gi eleven ei påskjøning for å reklamere for oss.

Så langt har skulen ikkje fått stadfesta at nye elevar er rekrutterte.

Les også: Lova tillet forskjellsbehandling av homofile lærarar

Kollasj: Framtida.no. Foto av: Kim Thoresen-Vestre (SV). Skjermdump/Privat/Gjennestad VGS