Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) meiner 18-årsgrense er vegen å gå for strøyming i norsk breiddeidrett. Ei streng samtykkeløysing må også på plass.
NPK-NTB-Stian Grythaugen og Lars Eide
NPK-NTB-Stian Grythaugen og Lars Eide

Statsråden har følgt debatten som den siste tida har rasa rundt Mygame-prosjektet til idretten.

Automatiske kamera skal monterast i idrettshallar over heile landet for å direkteoverføre kampar frå 15-årsklassen og oppover. Tanken er at familie og venner skal kunne følgje kampane på nettet mot å betale for eit Mygame-abonnement.

Prosjekt på pause

Fleire uheldige episodar har samtidig vorte avdekt. Det har ført til tøff kritikk frå ulike hald. Fredag vedtok dei seks særforbunda som deltek i prosjektet at all strøyming av breiddeidrett under 18 år skal setjast på pause.

Samtidig tok partane sjølvkritikk på at det til no har vore «ulike leverandørar, lite koordinering og usikkerheit rundt handteringa av personvern».

Tida framover skal brukast til å gjere nye vurderingar i saka. Barne- og familieminister Kjersti Toppe (SP) har tankar om korleis landskapet bør sjå ut.

– Ideelt sett støttar eg ein 18 års aldersgrense, og at det i alle fall må stillast strenge krav til samtykke. Grunnen er heilt enkelt at personvernet til barn må takast på alvor, og at filming av barn kan setje enkelte barn i fare, seier ho til NTB.

Sårbare barn

Toppe peikar vidare på at enkelte barn er ekstra sårbare.

– Det gjeld til dømes dei som bur på hemmeleg adresse. Det kan føre til utestenging frå idretten, og det er etter mitt syn veldig trist og feil ettersom dette kan vere barn som treng dette fellesskapet mest. Sjølv om ein skal kunne reservere seg mot filming, seier statsråden.

Barneombodet uttrykte i eit intervju med NTB førre veke bekymring for at familiar kan kjenne på utryggleik rundt Mygame-prosjektet som følgje av glipane som er avdekte – og at resultatet kan bli at barn ikkje ønskjer å drive idrett. Barneministeren er på same linje.

– Eg tenkjer spesielt på dei barna som kan bli fråtekne høvet til å delta fordi dei bur på hemmeleg adresse eller av andre årsaker ikkje kan eller vil delta når dei blir filma, seier Toppe.

Feil rekkjefølgje

Ho er oppteken av at barn og unge bør kunne delta i idretten, utan at dei skal måtte bekymre seg for personvernet sitt.

– Barn og unge skal ha det trygt i idretten, også når det gjeld personvern og digital tryggleik, seier statsråden.

Ho meir enn antydar at ting er gjort i feil rekkjefølgje i prosessen rundt strøyming av breiddekampar.

– Eg stiller meg spørjande til at slike kamera blir installerte, utan debatt før i etterkant av at avtalane er gjorde. Dette har store prinsipielle sider ved seg, seier barneministeren.

Kommunar sa nei

Ei rekkje kommunar, blant dei Oslo, Kristiansand og Bergen, har sagt eit førebels klart nei til Mygame-prosjektet slik det ligg føre no. Barneombodet og Stine Sofies Stiftelse har også vore kritiske røyster i debatten.

– I denne saka er det tunge personvernomsyn, og eg forstår godt det opprøret som har komme i stand. Breiddeidretten må vere for alle, og filming og strøyming kan opplevast negativt for mange barn, og gjer at nokre barn kan komme i fare. Idretten skal vere ein fristad for barn, seier Toppe.

Ho applauderer avgjerda partane bak Mygame-prosjektet tok fredag om å dra i naudbremsen.

– Eg er glad for at idretten no har bestemt at dei inntil vidare hevar aldersgrensa frå 13 til 18 år, seier statsråden.

I 15-årsklassen kan også yngre barn delta. Den nedre aldersgrensa for prosjektet var derfor opphavleg sett til 13 år.

MyGame: skal lytte til idretten

Barne- og familiedepartementet gjer i desse dagar eit arbeid som tangerer inn mot tematikken Mygame-bråket har sett på dagsordenen.

– Departementet mitt arbeider med forslag til ny barnelov og ei stortingsmelding om barns digitale kvardag. Barns forbrukarvern og personvern inngår i dette arbeidet, seier Toppe.

Mygame-leiinga har til liks med statsråden og andre stilt seg bak avgjerda om å pause prosjektet.

«Vi skal sjølvsagt lytte til idrettens behov og jobbe konstruktivt for å finne gode løysingar som skapar tryggleik framover», skreiv administrerande direktør Lars Setsaa til NTB før helga.

Kristian (17) er uroa for fråfallet i idretten – vil ha fleire hobbylag

Oppdatert: måndag 16. januar 2023 11.53

LES OGSÅ

ANNONSE