Vekas viktigaste: Lekne dokument, Nord-Irland og frist for høgare utdanning

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lekne dokument: Nato i Ukraina for å lære opp soldatar

Soldat blir vist korleis bruke eit skytevåpen.

ILLUSTRASJONSBILETE: Her frå opplæringa av ukrainske soldatar i Storbritannia ved hjelp av norske soldatar. Foto: Nato via Flickr

Ifølgje lekne dokument som blant anna BBC og The Guardian har fått tilgang til skal det vere nesten 100 spesialsoldatar frå Nato i Ukraina.

Det er Storbritannia som ifølgje lekkasjen har flest soldatar i landet, med 50 soldatar. Latvia skal ha 17, Frankrike 15, USA 14 og Nederland 1.

Oberstløytnant Palle Ydstebø seier til NRK at slike spesialstyrkar er elitestyrkar på høgt nivå som blir brukt til oppdrag som krev å vere ekstremt kompetent og diskré. Det at slike soldatar blir brukte til opplæring av soldatar er ikkje nødvendigvis uvanleg. BBC viser også til at russiske styresmakter har påstått at Russland slåst mot Nato-styrkar i Ukraina, ikkje berre ukrainarar. Dette er ikkje stadfesta.

Forsvarsdepartementet i Storbritannia har ikkje kommentert dei konkrete påstandane om spesialsoldatar, men har sagt at det er «betydeleg grad av unøyaktigheit i dokumenta».


Biden besøker Nord-Irland i samband med jubileum for fredsavtale

To menn ser ut eit vindauge på Belfast.

President Joe Biden og statsminister Rishi Sunak møttest i Belfast i Nord-Irland for eit bilateralt møte på onsdag. Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street

Måndag 10. april var det 25 år sidan langfredagsavtala vart signert. Denne avtala la til rette for fred i Nord-Irland, etter 30 år med valdeleg konflikt i regionen. Avtala sørga blant anna for noko sjølvstyre i regionen, som elles er underlagt Storbritannia.

Denne veka var den amerikanske presidenten Joe Biden, som har irske anar, på besøk både i Nord-Irland og Irland. Han møtte den britiske statsministeren Rishi Sunak i Belfast, og understreka at maktdelinga mellom ulike grupper er viktig for Nord-Irland.

Sidan Storbritannia gjekk ut av EU har det vore diskusjonar rundt korleis Nord-Irland passar inn i dei nye avtalene, sidan republikken Irland er ein del av EU. I samband med dette har eit av partia som er for at Nord-Irland skal vere ein del av Storbritannia, Democratic Unionist Party (DUP), trekt seg frå den nord-irske forsamlinga. Dei er ueinige i ei ny avtale som regulerer grensa mellom Irland og Nord-Irland.

Trass i Biden si oppmoding om maktdeling, var han tydeleg på at det er opp til Nord-Irland korleis ting skal gå vidare. Han reiste vidare til besøk i Irland denne veka.


Brasils president besøker Kina for å fremje handel

Kollasj med brasilianske president Lula Da Silva og kinesisk president Xi Jinping

Det blir eit møte mellom statsleiarane for Brasil og Kina denne veka. Til venstre er Lula Da Silva fotografert under klimatoppmøtet i Egypt og til høgre Xi Jinping på statsbesøk i Rwanda. Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0, Paul Kagame via Flickr

Denne veka er den brasilianske presidenten Lula Da Silva på statsbesøk til Kina. Det er det fyrste offisielle utanlandsbesøket presidenten har gjennomført sidan han vart president på starten av året.

Hovudtema på møtet blir ifølgje CNN handel. Både Brasil og Kina har som mål å få til nærare avtalar. Eit anna tema kjem truleg til å vere CO₂-utslepp og karbonkreditt. Da Silva har ein veldig annleis miljøpolitikk frå tidlegare president Jair Bolsonaro, spesielt når det kjem til regnskogen. På grunn av regnskogen har Brasil meir karbonkreditt enn andre land, som kan vere lønsamt for Kina å kjøpe, sidan dei slepper ut ein del CO₂.

Da Silva kjem også til å invitere Kinas president Xi Jinping til eit bilateralt møte i Brasil på eit seinare tidspunkt i løpet av besøket.

Eit tema som truleg ikkje blir teke opp er krigen i Ukraina, ein premiss som kinesiske styresmakter la inn like før møtet.


Laurdag er fristen for å søke på høgare utdanning

Bielte av skjerm med nettsida til Samordna opptak

Du må søke på Samordna opptak innan 15. april i år dersom du vil kome inn på høgare utdanning. Foto: Åshild Slåen

Laurdag 15. april klokka 23.59 er siste frist for å leggje inn kva du vil studere på dei fleste universitet, høgskular eller fagskular i Noreg.

I år er det ifølgje Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse rekordmange studium å velje mellom. Det er 76 000 studieplassar fordelt på 1800 studium.

Innan laurdag må du også ha prioritert rekkjefølgja på studieval til fagskular, men dersom du søker deg til høgskular eller universitet har du framleis tid til å bestemme deg for dette.


Rakett frå Nord-Korea utløyste falsk alarm i Japan

TV-skjerm med koreansk tekst som viser oppskyting av rakett, med folk som står framfor.

Nord-Korea skaut opp ein rakett denne veka. Her frå ein jernbanestasjon i Soul, Sør-Korea. Foto: AP Photo/Lee Jin-man

Torsdag morgon fekk innbyggjarar på den nordlege øya Hokkaido i Japan beskjed om at dei måtte evakuere. Etter 20 minutt var evakueringsordren avblåst. Grunnen var ein ny type rakett som Nord-Korea testa.

I første omgang skal det ha sett ut som om raketten kom til å lande i nærleiken av øya klokka 8 om morgonen lokal tid. Japanske styresmakter trekte derimot ordren tilbake seinare, med beskjed om at varslingssystemet tok feil.

Det nasjonale tryggingsrådet i Japan skal no ha møte om hendinga, og Sør-Korea kallar rakettoppskytinga for ein «alvorleg provokasjon» frå Nord-Korea si side.


✨Vekas lyspunkt✨: Livsviktig medisin blir tilgjengeleg for vaksne med muskelsjukdom

Bilete av spinraza-medisinen

Det er Spinraza-medisinen som no blir tilgjengeleg for vaksne med SMA. Foto: Biogen / presse

Sidan 2018 har medisinen Spinraza vore dekt for norske barn under 18 år med muskelsjukdommen spinal muskelatrofi (SMA). Frå 15. mai vil denne medisinen også bli dekt for norske vaksne med denne sjukdommen.

SMA er ein sjukdom som gjer at musklar svinn bort, og gjer etter kvar at ein person må ha hjelp for å kunne gjere grunnleggjande ting.

Behandling med Spinraza har vist god effekt når det kjem til å bremse sjukdommen, og i nokre tilfelle reversere muskelsvinn. Det er ein dyr medisin, og det har teke tid å få på plass ei avtale med Biogen, selskapet som har utvikla medisinen.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!