«Samiske parti burde heller bli representert på Stortinget som alle andre»

Anders YttervollAnders Yttervoll
NestleiarTroms og Finnmark Fpu
Publisert
Oppdatert 24.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Det har aldri vore mangel på skuldingar eller kritikk frå venstresida. Leiar i Troms og Finnmark Grøn Ungdom klarte ikkje å forstå kvifor FpU vil leggje ned Sametinget og tok saka i eigne hender og skreiv eit motsvar til mitt innlegg. Det var ikkje mangel på verken retorikk eller faktafeil, så lat meg ta for meg alt kronologisk.

Nilssen skriv at eg meiner at Sametinget ikkje blir høyrt, difor vil eg leggje det ned. Dimed eit paradoks. Nilssen har nok lese feil her, for noko slikt har eg aldri skrive.

Nilssen skriv vidare at vi har svært mange rådgjevande organ i Noreg. Blant dei er eldreråd og ungdomsråd. Det Nilssen kan ha oversett er at Sametinget har mykje meir enn andre rådgjevande organ. Eldrerådet har ikkje lønna representantar, ein president og ein eigen parlamentsbygning, sist eg sjekka.

Sametinget har ikkje gjort jobben sin

Påstanden om at Sametinget gjer Noreg meir demokratisk stussa eg også over. Ifølgje Nilssen treng vi eit organ som kan setje foten ned når noko strir med samiske interesser. Ein kan då spørje seg kvifor det då er vindmøller på Fosen? Kvifor held det samiske språket på å døy ut? Sametinget har rett og slett ikkje gjort jobben sin.

Grøn Ungdom må forstå at det faktisk ikkje er demokratisk å berre la ei enkelt etnisitet/folkegruppe stemme.

Løysinga presentert er at ein berre må gi Sametinget meir makt. Her oppstår det nok ein gong demokratiske problem. Grøn Ungdom må forstå at det faktisk ikkje er demokratisk å berre la ei enkelt etnisitet/folkegruppe stemme på eit parlament. Å skilje mellom demokratiske rettar til samar og nordmenn er uaktuelt.

Ingen som ropar etter kvene-parlamentet

Grøn Ungdom sin logikk kan også få nokre praktiske problem. I så fall hadde kvenar måtte ha eit eige parlament. Kvensk språk og kultur er minst like viktig som samisk, men likevel er det ingen som ropar etter kvene-parlamentet.

Eg synest rett og slett det er respektlaust å krevje at samane berre skal ha ei stemme gjennom eit leike-parlament.

Det handlar om å representere dei i eit ekte parlament som verkeleg kan ta tak i regjeringa.

Samiske parti burde heller bli representert på Stortinget som alle andre. Då blir samane faktisk representert og ein slepp eit byråkratisk og dyrt mellomledd. Dimed handlar det aldri om å leggje ned Sametinget for å innskrenke rettar. Det handlar om å representere dei i eit ekte parlament som verkeleg kan ta tak i regjeringa om dei prøver seg på nokre fleire menneskerettsbrot (ganske sannsynleg).

Språk er ein utruleg viktig del av både samisk kultur og identitet. Kvifor er det då ingen parti på venstresida som jublar over private barnehagar sitt samiske tilbod eller gjer krav om fleire samiske lærarar?

Grøn Ungdom har demonstrert utan å kome med et einaste forslag til korleis vi kan hindre at det samiske språket døyr ut. Det er på tide å ta ein titt i spegelen.

Så nok ein gong seier eg det rimeleg enkelt: Sametingets tid er omme!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Folk sit framfor Slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet i siste dagen med aksjon mot vindparken på Fosen. Foto: Åshild Slåen