Reagerer på innlegg om Sametinget: «At FpU blir sinte på det dei vedtek, viser at det funkar»

Hovudet til ein ungdomsgut med vinterlandskap som bakgrunn

Kimi Nie-Nilssen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg som svarar på innlegget «Sametinget er eit leike-parlament», skrive av nestleiar i FpU Troms og Finnmark.

«Dagen Sametinget vart innført, vart Noreg litt mindre demokratisk», skriv nestleiar i Troms og Finnmark FpU, Anders Yttervoll.

Korleis han kan meine noko sånt er vanskeleg for meg å forstå.

Eit paradoks

Samane er Noregs urfolk og er rekna som ein minoritet. Samane har særrettar for å sørgje for at dei får utøve deira kultur på lik linje med alle andre.

Sametinget vart oppretta etter Alta-saka på 80-talet, kor samane opplevde eit grovt overtramp av den norske majoritetsbefolkninga. Det er eit rådgivande organ, som er til for å fremme samiske interesser. Representantane til Sametinget er demokratisk valt, og alle samar kan stemme i sametingsval som avhaldas samtidig som stortingsval.

Yttervoll skriv at Sametinget er eit leike-parlament; eit symbolsk organ, som ikkje blir høyrd av politikarane. Difor treng vi det ikkje.

Her påpeiker han sjølv eit paradoks.

Organet som representerer samane i den offentlege debatten blir ikkje høyrt, og nettopp derfor skal vi legge det ned?

Argumenta hans heng ikkje på greip.

Noreg kryr av rådgivande organ

Det verker også som om han har gløymt at heile Noreg kryr av ulike rådgivande organ. Skal vi leggje ned alt av eldreråd, ungdomsråd, råd for funksjonshemma, også vidare? Er desse også leike-parlament, som vi skal leggje ned, berre fordi dei er rådgivande?

Eit viktig element i demokratiet er retten til å bli høyrd. Det er nettopp det desse råda er til for. Sametinget inkludert.

At Framstegspartiets Ungdom vil leggje ned Sametinget fordi dei ikkje likar vedtaka deira, er ingenting meir enn barnsleg. Ein slik tankegang er farleg i eit demokratisk samfunn.

Samtidig viser det også at Sametinget som representativt og rådgivande organ funkar.

At FpU blir sinte viser at Sametinget fungerer

For Sametinget er det einaste organet som er til berre for å vareta og fremme samane sine interesser. Vi treng at dei tørr å setje foten ned når noko strider mot interessene deira. Utan dei mister vi ei viktig stemme for ei urfolksgruppe som historisk sett, men også framleis, blir utsett for grove overtramp av majoritetsbefolkninga. Vi såg det i Alta, og vi ser det på Fosen i dag.

Overordna sett gjer Sametinget Noreg meir demokratisk, ikkje mindre, slik Yttervoll påstår.

At FpU blir sinte på det dei vedtek, viser at dette funkar bra i praksis.

Samar opplever framleis diskriminering

Avslutningsvis vil eg adressera noko: Yttervoll sin påstand om at samane ikkje lenger blir utsett for diskriminering. Eg må nesten spørje:

Lever han i si eiga verd?

For realiteten er slik at samane framleis opplever diskriminering. Ei undersøking frå UiT i 2021 viste at så mange som tre av fire samar har opplevd diskriminering. Mellom anna blir samar utsette for hets og sjikane på gata, berre fordi dei går i kofte.

Det er ikkje noko tvil om at vi framleis har lang veg å gå før samane kan utøve og vise fram sin eigen kultur utan å bli diskriminert.

Difor er eg glad for å vere med i et parti som viser solidaritet og medmenneskelegdom med samane.

Som jobbar for å styrkje innflytelsen til samane i den offentlege debatten, i staden for å fjerne eit av dei viktigaste tiltaka for å sikre samisk medverking.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Kollasj av samtinget og Anders Yttervoll

Sametinget vart oppretta i 1987. Nestleiar i Troms og Finnmark FpU, Anders Yttervoll, meiner dei er eit demokratisk problem. Foto: Audun Greve, Sara Márja Magga/Sametinget