I dag har Noreg brukt opp verdas ressursar for i år

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas overskotsdag markerer dagen då menneska har brukt opp dei biologiske ressursane som jorda produserer i løpet av eitt år.

Datoen vert rekna ut av Global Footprint Network, og kjem tidlegare for kvart år.

I 1971 kom verdas overskotsdag i desember, noko som betyr at me berre brukte det jordkloden klarte å produsera.

I 2023 er dagen då verda har brukt opp årets ressursar 28. juli, noko som betyr at me forbrukar nesten to jordklodar i løpet av eitt år.

Om alle i verda forbrukte like mykje som nordmenn hadde dagen vore 12. april.

Ikkje alle land har ein overskotsdag, sidan ein del fattige land brukar betydeleg mindre ressursar per innbyggjar.

Berre elleve land har eit høgare forbruk enn nordmenn, ifølgje berekningane til Global Footprint Network.

WWF åtvarar

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur, åtvarar om at vårt overforbruk fører til at me mistar natur i eit rekordtempo.

– Utfordringa er at me kvart år forsyner oss av meir ressursar enn det jorda klarar å produsera, seier ho i ei pressemelding frå WWF.

– 90 prosent av naturtapet i verda og 50 prosent av alle klimagassutslepp skuldast måten me produserer og forbruker varer på. Det seier seg sjølv at slik kan det ikkje halde fram. Forbruket må reduserast, spesielt i land som Noreg. Me er nøydde til å gå frå forbrukarar til ombrukarar.


Lydia Berg kjem frå hyttekommunen Trysil, og har merka seg eim lite berekraftig trend. Illustrasjonsfoto: Ola Matsson www.skistar.com/trysil