«Frå i morgon brukar vi ressursar som vi eigentleg ikkje har. Vi lever altså på kreditt»

Maria Peltokangas og Katherine DuarteMaria Peltokangas og Katherine Duarte
Forfattar og dagleg leiar Corporate Good, føredragshaldar og dagleg leiar Grønne Ord
Publisert
Oppdatert 24.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

I dag, den 12. april, har vi i Noreg den såkalla overskotsdagen, altså dagen vi har brukt opp årets ressursar. Dagen vi byrjar å leve på planetens biologiske kreditt.

Kva toler eigentleg planeten vår?

Denne datoen flyttar seg stadig på verdsbasis, og sidan 1971 har den flytt seg stadig tidlegare og tidlegare i året.

Så er det altså slik at vi i Noreg har brukt opp verdas ressursar for i år. Det betyr at frå i morgon brukar vi ressursar som vi eigentleg ikkje har. Vi lever altså på kreditt – eller som nokre uttrykker det – «stel» frå framtidige generasjonar. Hadde heile verda levd som oss nordmenn, måtte vi hatt 3,5 jordklotar.

Korleis vert overskotsdagen rekna ut?

For å stadfesta datoen for overskotsdagen, reknar Global Footprint Network (GFN) ut talet på dagar som jorda sin biokapasitet kan gje menneskeslekta sitt økologiske fotavtrykk.

Det kan høyrast veldig komplisert ut, men følg med her så skal vi prøve å forklare det.

Den globale biokapasiteten, det vil seie, kva kvart enkelt menneske på jordkloten kan bruke av naturen sine ressursar, er på 1,6 globale hektar, altså kor stort areal vi har å boltre oss på.

Men kor mykje er det? For å gjere det enkelt, er 1 hektar storleiken på ei fotballbane. Det økologiske fotavtrykket til Noreg er på 5,67 og dimed blir reknestykket (5,67/1,6)*365 dagar i året er tilnærma lik 102. Altså dag 102 i året, som er i dag den 12. april.

Hugs også at dette er utan å ha tatt høgde for krigen i Ukraina eller økonomisk uro i verda. Tala som GFN har brukt er frå 2018, det siste året før pandemien og «normale» tilstandar i verda.

Kva fortel overskotsdagen oss?

Overskotsdagen fortel oss kva som er tilstanden på jordkloten og korleis vi menneske forvaltar ressursane vi har å rå over. Og ikkje minst, kor ille det står til med måten vi fordeler desse goda på. Akkurat som banken fortel oss kor mykje pengar vi har igjen på konto, fortel overskotsdagen den dagen vi har brukt opp jordas ressursar og må leve på kreditt resten av året. Problemet er at det er ingen bank som kan låne oss landområde, økosystem og økosystemtenester.

Kva kan vi gjere for å flytte denne datoen?

På nettsida «100 days of possibilities» kan du sjå ei rekkje tiltak som kan bidra til å flytte datoen for overskotsdagen. Her er nokre av tiltaka som blir nemnde:

  • Et lokalt og meir grønt
  • Senk temperaturen og invester i energieffektive løysingar heime og på jobb
  • Tenk miljø når du vel reisemåtar – meir sykkel, buss og tog
  • Dra på ferie nærare heime
  • Unngå unødvendig oppussing og fornying av interiør og elektronikk
  • Et opp maten
  • Stem på grøne tiltak og politikk
  • Sjekk bruktmarknaden eller leig det du treng
  • Om du skal kjøpe inn noko nytt – vel kvalitet framfor kvantitet
  • Pluss mange fleire tips (100 tips totalt)

Hugs at du ikkje treng å gjere alt perfekt, men om vi alle tar 1, 2, 3 eller fleire skritt i riktig retning, så er vi alle med på å flytte denne datoen!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Bakgrunnsfoto frå filmen: Don’t Look Up. Foto: Netflix. Framme: Medieforskar Katherine Duarte. Foto: Sigrid Haaland