«Det er ikkje greitt at eldre menn gjer unge jenter ukomfortable»

Mira Skaane Reinvang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Her om dagen sat eg ved Aker Brygge, i sola og såg ned på mobilen. Ein fyr i tretti/førtiåra går fram og tilbake framføre meg, set seg så ved sidan av og startar ein samtale.

Mannen spør meg om alkohol, røyk og seier «You have a really pretty face, and wonderful eyes». Dette er etter eg med vilje nemnde at eg går på vidaregåande og er 16 år.

Eg unnskyldar meg, seier eg skal treffe ei venninne og går oppover mot Nationaltheatret. Han følgjer etter, og held fram i ti minutt før eg klarar å riste han av meg.

Ikkje første gong

Og nei, dette er ikkje første gong eg har hatt «ei litt rar oppleving» med ein vaksen mann på gata. Eg har blitt ropt etter, «catcalled», spurd ut på ein øl (også etter eg har sagt nei, at eg er under 18 og er for ung til å drikke), blitt stalka ein time seint på kvelden og fått ubehagelege spørsmål om seksuallivet mitt.

Alt har kome frå menn som er dobbelt så gamle som meg eller eldre.

Kvifor blir eg som ei ung, blond (og søt ifølgje fleire på gata) jente med blå auge møtt slik i offentlegheita? Kvifor er det slik at sjølv om eg seier nei og held meg for meg sjølv, så blir eg framleis aktivt oppsøkt av vaksne menn med ubehagelege intensjonar? Og eg er ikkje den einaste jenta dei har prøvd seg på.

Eit samfunnsproblem

For dette er ikkje berre noko eg opplever. Dette er eit samfunnsproblem.

Seksuell trakassering på gata er i dag altfor normalisert. Det blir anten sett på som eit kompliment eller ein bagatell. Så la meg seie det tydeleg: Det er ikkje greitt at eldre menn gjer unge jenter ukomfortable. 

Og, vi har alle eit ansvar for å snakke ut om desse situasjonane. Eit ansvar for å ikkje sjå bort om du ser ein ubehageleg situasjon på bussen, for å ta den samtalen rundt middagsbordet og seie ifrå om du opplever noko.

For uønskt seksuell merksemd høyrer ikkje til i samfunnet vårt!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Leiar i Bjerke Venstre, Aleksander Engevik, reagerte på Forsvaret sin gratulasjon på kvinnedagen. Foto: Vidar Sandnes, Twitter