Identitet

«Pride høyrer heime i skulen»

Det er hyklersk at KrF vil ha obligatoriske gudstenester, medan dei meiner at å forby pride-flagget er å forsikra at skulen held fram med å vere «nøytral» og fri for politikk, skriv Constance Wintherbo.

Constance Wintherbo (20)
Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Utvalget for Antirasisme og feminisme
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste månadene har vore prega av uro og uvisse. Trump innførte ein historisk 245 % toll på Kina, Noreg var det tredje landet som vart offisielt invitert i Det kvite hus, Katy Perry drog til verdsrommet, og KrF valde å starta ein kulturkrig som kjem til å ramma nokre av dei mest sårbare medlemmene av samfunnet vårt: skeive barn.

KrF har nemleg vedteke at ’alle’ flagg som ikkje er norske (eller samiske, eller kvenske) skal bli forbodne i skulegarden.

Dette er eit feigt forsøk på å skjula det eigentlege målet deira, som er å få pride ut av skulen.

Dei oppgir nemleg grunnen til forbodet som å spara skuleleiarar for ein årleg skvis.

Ein skvis der dei må velja om dei vil visa at skulen deira er ein trygg arena for dei undertrykkjande barna, eller om dei ikkje ønskjer å flagga for skeive rettar.

Press om å lyge om å tru på Gud

Personleg er eg fødd og oppvaksen i Kristiansand, og budde 15 av dei 20 åra mine på Flekkerøy; ei øy i spissen av Kristiansand, der KrF er det desidert største partiet. Kristeleg Folkeparti fekk meir enn 39 prosent av stemmene på øya, og me blir sett på som ein tydeleg del av bibelbeltet.

Eg er godt kjend med korleis KrF sin politikk kan trengja seg inn i skulekvardagen.

Då eg gjekk på grunnskulen kjende eg eitt konstant press om å lyga om at eg trudde på Gud, slik at klassekameratane mine skulle slutta å dømma meg, eller til og med prøva å konvertera meg.

Eg synest det er ganske hyklersk at KrF vil ha obligatoriske gudstenester, noko som objektivt er å gjera skulen politisk, medan dei meiner at å forby pride-flagget er å forsikra at skulen held fram med å vere «nøytral» og fri for politikk.

Det er berre fire år sidan KrF stemde for å tillata andre flagg enn norske flagg på offentlege flaggstader. No har dei teke ein 180 graders vri, og det kan sjå ut som dei prøver å hoppa på «anti-woke»-trenden.

Eg meiner det er utruleg tragisk at me, som nordmenn, kan sjå på regnbogeflagget som noko negativt, og meina at det ikkje høyrer heime på skulen.

1 av 3 opplever mobbing

Skulen skal vera ein arena som skal vera trygg for alle barn. 1 av 3 unge transpersonar opplever mobbing på skulen.

«Homo» er framleis eitt av dei mest vanlege skjellsorda som blir brukte i skulen.

Er det verkeleg for mykje forlangt at dei rektorane som ønskjer, skal flagga ein gong i året, for å visa barna at det faktisk er greitt å lika same kjønn eller vera fødd i feil kropp?

Regnbogeflagget er ikkje noko meir politisk eller problematisk enn då vår kjære kong Harald sa «nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutar som er glade i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre».

Det er ingen vesentleg grunn til å sensurera stoltheita i å vera annleis.

Denne kulturpolitikken er nettopp kvifor det er viktig at me framleis markerer pride.