Varslar auke: Slik blir rentene på studielånet
Rentene i Lånekassen går opp frå 1. mai. Flytande rente held fram med å vere lågare enn fastrentene.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fastrentene som gjeld frå 1. mai, vil vere:
- 4,227 prosent for tre års bindingstid (opp frå 4,054 prosent)
- 4,131 prosent for fem års bindingstid (opp frå 3,928 prosent)
- 4,112 prosent for ti års bindingstid (opp frå 3,928 prosent)
Det skriv Lånekassen i ei pressemelding.
Flytande rente på studielånet er i dag 3,338 prosent, men vil auke til 3,532 prosent frå 1. mai.
Få vel fastrente
Det er få som vel fastrente på studielånet. Per no har 19 600 tilbakebetalarar fastrente i Lånekassen, medan 750 200 har flytande rente.
– I dei fleste tilfelle har det historisk vore lønnsamt å ha flytande rente på studielånet, men nokre har tent på å binde renta. Dette var til dømes tilfellet for dei som valde tre års fastrente frå 1. juli 2020, nokre månader inn i koronapandemien.
– Fastrentene i Lånekassen var då kraftig redusert samanlikna med førre tilbod, og langt fleire enn vanleg valde då å binde renta, seier Magnus Lingscheid-Andersen, produkteigar for lån i Lånekassen.
- Les også: