Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Særleg jamn er delinga riktig nok ikkje. Aleutane er ei vulkansk øykjede forma av 14 store og 55 mindre øyer, som strekkjer seg ikkje mindre enn 1900 km. vestover frå Alaska i retning av Kamtsjatkahalvøya i det austlege Russland. Det er i dag berre dei aller vestlegaste øyene, dei såkalla Kommandørøyene, som høyrer Russland til. 

På den andre sida var heile Alaska, Aleutane inkludert, russisk territorium inntil området vart selt til USA for 7,2 millionar dollar i 1867.

Det er neppe ei avgjerd russarane er særleg stolte av i dag, når det har synt seg kor rikt Alaska er på naturressursar. Det hadde nok heller ikkje vore Putin imot å sitja på ein bit av det nordamerikanske kontinentet.

Fuktig og vindsveipt

Elles verkar dei kanskje ikkje veldig forlokkande, Aleutane. Dei er generelt prega av trelaust tundralandskap, og temperaturen er jamt låg året igjennom, med svært mykje nedbør, skodde og vind.

Men for å fokusere på det positive, blir det sjeldan så veldig kaldt på Aleutane som det kan bli til dømes i innlandet i Alaska eller Sibir. Havet modererer klimaet – det store Stillehavet i sør, Beringhavet i nord.

Byen Unalaska i Aleutane. Foto: Wanetta Ayers, Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Lang historie

Bering, ja – det namnet er viktig når ein snakkar om dette fjerne verdshjørnet. Men fyrst eit blikk på forhistoria. 

Sjølvsagt var det aleutiske folket her lenge før nokre europearar kom. Einskilde antropologar har til og med argumentert for at desse øyene, som ein kan samanlikne med ei slags holete bru frå Asia til Amerika, fungerte som vadsteinar for dei fyrste menneska som kom til Nord-Amerika, truleg for over 13 000 år sidan. Men dette er ikkje prova.

Aleutane. Foto: NASA, offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Sikkert er det at det aleutiske folket, som språkleg og kulturelt er slektningar av dei andre inuittiske folka i Nordaust-Russland, Alaska, Nord-Canada og på Grønland, utvikla gode ferdigheiter innan jakt, fiske og handverk, med produksjon av alt frå fletta kurver til våpen og båtar. 

Ein danske på langtur

Vitus Bering (1681–1741) var eigentleg dansk, men det var i russisk teneste han skulle bli kjend, som utforskar av Asias nordaustlege kyst og Amerikas nordvestlege. Desse områda var på Berings tid dårleg kjende og kartlagde.

Portrett som skal syne Vitus Bering. Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Mellom anna ville den russiske tsaren ha greie på om Russland hadde fastlandgrense mot Amerika – noko Bering fastslo at ikkje fanst. Det heiter då også Beringstredet i dag, det smale havstykket som skil dei to kontinenta.

Beringstredet. Foto: NASA/GSFC/JPL/MISR-Team, Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Bering døydde sjølv på ei av Kommandørøyene, ho som i dag ber namnet Beringøya, ikkje langt frå Kamtsjatka. Han og mannskapet måtte søkje tilflukt der på grunn av vanskelege vêrtilhøve og elendig helse. Det største problemet var skøyrbuk, ein sjukdom som kjem av mangel på C-vitamin, og som enkelt kan kurerast med til dømes litt sitronsaft. Den kunnskapen har vore kjend og vorte gløymd att mange gonger i verdshistoria, med fatale fylgjer, spesielt for mange sjøfolk.

Dei i Berings fylgje som til slutt lét seg overtyde av den briljante ekspedisjonsdeltakaren, botanikaren, zoologen og lækjaren Georg Wilhelm Steller – kjend for å ha oppdaga mange nye dyreartar – om å eta sjøgras, gjekk det bra med. Men mange døydde, og Vitus Bering var altså ein av dei.

Beringøya sett frå verdsrommet i 1992. Foto: NASA, offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Berings skip heitte St. Peter, medan ein russar ved namn Aleksej Sjirikov hadde kommandoen på systerskipet St. Paulus. Saman kartla dei mykje av den aleutiske øyrekkja, og dette vart startskotet for ei kolonisering som i stor grad skjedde austfrå, i regi av sibirske pelsjegerar.

Moderne kolonisering

Det vart nokre konfliktar, og dei slo ikkje alltid heldig ut for pelsjegerane, som var i mindretal mot dei lokale aleutane. I det heile var ikkje denne koloniseringa så hard som mange andre stader i verda.

Tilreisande menn gifte seg gjerne med aleutiske kvinner og tok til seg mykje av det lokale leveviset, som var godt tilpassa dei barske tilhøva. Aleutane fekk vaksine mot koppar, ein sjukdom som herja stygt med urfolk i andre land. Skular vart bygde og den russisk-ortodokse kyrkja gjorde sitt inntog – ho finst der den dag i dag, også i den amerikanske delen av øyrekkja.

Det aleutiske språket vart teke vare på mellom anna gjennom omsetjing av religiøse tekstar. Kolonimakta innførte òg vitskaplege funderte vernetiltak for sjøpattedyr, med von om å unngå den typen rovdrift som ofte har fått katastrofale fylgjer. 

I denne tida fekk aleutane russisk statsborgarskap. Seinare vart dei fleste amerikanarar, alle bortsett frå dei på Kommandørøyene.

Dette frimerket frå Sovjet illustrerer oppdaginga av Kommandørøyene, som er ein del av Aleutane. Foto: USSR Post, offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Midt i krigen

Den vestlegaste av dei amerikanske Aleutane heiter Attu. Øya vart fråflytt i 2010, og er dimed den største øya i USA som det ikkje bur folk på.

Men under andre verdskrigen, i 1942–43, var øya full av folk, då Japan okkuperte ho og den nærliggjande øya Kiska. Moglegvis skulle dei berre avleia merksemda frå større planar lenger sør, mellom anna åtaket på militærbasen på Midway-atollen.

Men Aleutane var strategisk plasserte og hadde verdi i seg sjølve; Japan ynskte nok å ha dei som ein barriere mellom Sovjet og USA i tilfelle desse to skulle finne på å slå seg saman i kamp mot Japan, som jo var Nazi-Tysklands allierte. Truleg ville japanarane òg førebu ein framtidig flybase på øyene. Men det vart med draumen. 

Det gjekk riktig nok nesten eit år før amerikanarane slo attende. Dei fleste av dei lokale innbyggjarane var allereie evakuerte. Frå Kiska trekte japanarane seg attende i det stille, noko amerikanarane pinleg nok ikkje fekk med seg.

Men på Attu stod det einaste landslaget under andre verdskrigen som skjedde i det «inkorporerte» USA, altså på territorium tilhøyrande ein av dei 50 amerikanske delstatane.

Det vart blodig og stygt i sær på slutten: Berre 28 av dei 2900 japanske mannskapa vart tekne til fange, resten fall i kamp eller tok sitt eige liv. USA fekk Attu attende.

Amerikanske troppar under slaget på Attu. Foto: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Over grensa

Åtskiljinga av det aleutiske folket i aust og vest byrja nok allereie med det russiske salet av Alaska. Seinare oppstod Sovjetunionen, og etter kvart ein kald krig som gjorde tilhøvet mellom Sovjet og USA maksimalt dårleg. Det såkalla jarnteppet senka seg.

No er verda igjen ein ilter og utriveleg stad, og mange tek til orde for at også det felles kulturelle folk-til-folk-samarbeidet mellom russarar og naboane deira – til dømes nordmenn i Sør-Varanger – må ta slutt. 

I 1990 var situasjonen ein litt annan. Sovjetunionen skulle snart koma til å rakne, men statsleiaren Mikhail Gorbatsjov prøvde desperat å gjera tilhøva i landet litt betre gjennom «glasnost» og «perestrojka» (openheit og omstrukturering, svært enkelt omsett). Det var nok litt av bakgrunnen for at ei gruppe aleutar frå landsbyen Nikolskoje på Beringøya og ei gruppe frå Alaska-delen av Aleutane vart flogne inn til eit felles kulturelt møte i Kamtsjatkas hovudstad Petropavlovsk-Kamtsjatskij. 

Etter langt over hundre års åtskiljing og tap av felles kultur, vart dei forbløffa over å oppdage at dei framleis kunne kommunisere på det gamle aleutiske språket. 

La dette vera ei påminning om at gode menneske finst på båe sider av alle grenser, menneske som nok vil finne at dei har mykje til felles, om dei berre får møtast og snakke saman.


Les også: Korleis enda to inuittfamiliar opp som attraksjonar i ein tysk dyrehage?

Johan Adrian Jacobsen tok med inuittfamiliar frå Hebron til Europa. Foto: Mo Laidlaw – Eige verk, CC BY-SA 3.0/Foto: Ukjend fotograf/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom