Historia om Hebron er ei historie om gode intensjonar og tragiske utfall. 

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om ein liker hundar, kan Labradorkysten høyrast ut som ein hyggeleg stad. Men det var tvert imot eit kaldt og krevjande område den portugisiske oppdagaren João Fernandes Lavrador kom til på slutten av 1400-talet.

Kart som syner at Hebron ligg heilt aust i Canada, og mot nord.

TRYKK PÅ KARTET, SÅ VERT DET STØRRE.

At denne delen av det austlege Canada ber namnet hans, er likevel noko urettferdig, for ulike urfolk levde her i hundrevis av år før Lavrador kom. Også grønlandske sjøfararar av norrøn avstamming var innom mykje tidlegare, og kalla området for Markland og dei innfødde for «skrælingar».

Det enorme Canada – verdas nest største land i utstrekning – er ein fascinerande miks av ulike språk og etnisitetar. Forutan innvandrarar frå heile verda, finst det her kringom 600 ulike urfolksgrupper. Men tilhøvet mellom desse gruppene og storsamfunnet har hatt sine skuggesider.

Kyrkjeleg utpost

Kva kan det ha seg at namnet Hebron – eigentleg ein by på Vestbreidda i Palestina, nokre mil sørom Jerusalem – dukkar opp «in the middle of nowhere» på den kalde og veglause Labradorkysten?

Jau då, her vart det laga misjonsstasjon, grunnlagt i 1831 av misjonærar frå Den moraviske kyrkja, ei gamal protestantisk grein av kristendommen.

Teikning av Hebron. Foto: Levin Theodor Reichel/Offentleg eigedom

Dei hadde på dette tidspunktet allereie vore representerte på Labradorkysten i over eit halvt hundreår. Målet var naturlegvis å frelse dei gudlause folka her.

Det oppstod eit samfunn kring stasjonen, og enno i dag har inuittane i dette området nære band til Den moraviske kyrkja. Men frelsa har kosta dei dyrt. 

Ein lærd inuitt

Ein av Hebrons inuittar har ei heilt spesiell historie.

Han heitte Abraham Ulrikab. Den lokale skikken var å ta namnet til ektefellen jamsides sitt eige, så vi skjønar at kona hans heitte Ulrike (at dei båe altså hadde europeiske namn, heilt ulike vanleg inuittisk namneskikk, er ei anna sak).

Abraham levde på alle vis opp til ideala til misjonærane: Han var ein overtydd kristen, han kunne lesa og skrive og han kunne spela fiolin. Han tok godt vare på seg sjølv og familien.

Men i 1880 fekk han eit forlokkande tilbod, og det av ein nordmann, ein viss Johan Adrian Jacobsen.

Han kom frå Risøya nær Tromsø, men var for det meste stasjonert i Tyskland – når han då ikkje reiste verda rundt og samla inn gjenstandar og menneske på oppdrag for antropologisk interesserte tyskarar.

På utstilling

Det var tyske Carl Hagenbeck som sende Jacobsen ut på leiting etter inuittar. Hagenbeck gjorde karriere på å arrangere såkalla etnologiske utstillingar, som med eit meir negativt omgrep blir kalla «menneskeleg dyrehage».

Biletet syner keisar Wilhelm II på besøk i Tierpark i Hamburg i 1909. Der var etiopiarar stilte ut i ein «menneskeleg dyrehage».
Foto: Bundesarchiv, Bild 183-R52035 / CC-BY-SA 3.0, CC BY-SA 3.0 DE

Vanlege europearar kunne her betala for å sjå «eksotiske» folkeslag og gjerne også husdyra deira. Hagenbeck var faktisk i dyrehagebusinessen òg, så ein av åstadene for menneskeutstillingane hans var nettopp ein dyrehage, men det ideelle var gjerne å få til ein turné til ulike stader for å maksimere profitten. Kunne Abraham Ulrikab med familie tenkje seg å bli med på noko slikt?

Det høyrest jo frykteleg ut. I nokre tilfelle var det nok òg det, om det var tale om tvang. Men det må seiast at misjonærane i Hebron åtvara Abraham mot å dra på denne reisa, og at han gjorde det av fri vilje.

Det som lokka han var nok delvis høvet til å sjå Europa, men mest pengane; det fanst andre inuittar som hadde vorte riktig så velståande på tilsvarande vis.

Sjølv om denne framsyninga av levande menneske verkar nedverdigande på oss i dag, kan ein heller ikkje gå ut ifrå at alle publikummarane naudsynlegvis såg ned på «utstillingsobjekta»: Vi menneske har alltid vore nyfikne på andre menneske, og i ei tid då dei færraste hadde høve til å reise særleg langt, var slike utstillingar rett og slett ein måte ein kunne lære om verda på.

Ein katastrofal feil

Også om Johan Adrian Jacobsen kan det seiast mykje positivt; han var ein utruleg føretaksam og interessant figur. Men i tilfellet med dei åtte inuittane som vart med han til Europa – Abrahams kristne familie på fem pluss ein ikkje-kristen familie på tre – gjorde Jacobsen ein feil som nok var den største i den mangslungne karrieren hans:

Han hadde ansvaret for å gje inuittane vaksine mot koppar, men gløymde det eller rakk det ikkje. Under eit halvår etter at dei kom til Europa, var alle inuittane daude. 

At Abrahams historie har levd vidare, har mykje å gjera med dagboka hans. Han skreiv på morsmålet inuktitut, men etter at han var daud, vart boka send attende til Hebron og der omsett av ein misjonær til tysk.

Originalen har gått tapt, men omsetjinga vart gjenoppdaga i eit kyrkjearkiv i Pennsylvania i 1980, og er i dag det einaste skriftlege vitnesbyrdet ein har frå eit av dei utstilte menneska i Hagenbecks etnologiske utstillingar.

Kroken på døra

Faktisk skulle koppar og andre smittsame sjukdommar, mellom anna tuberkulose, bli ein spikar i kista for heile Hebron.

Utover 1950-talet byrja levetilhøva bli kritiske, også på grunn av mangel på ved. Den moraviske kyrkja vedtok difor at misjonsstasjonen skulle leggjast ned, og det var i praksis det same som å seia at alle dei 58 familiane på staden måtte flytte, fordi butikken og alle andre tenester forsvann med kyrkja. Det same skjedde på staden Nutak litt lenger sør.

Misjonskyrkja i Hebron.
Foto: Mo Laidlaw – Own work, CC BY-SA 3.0

Dette vart ein tragedie. Inuittane frå Hebron og Nutak hamna på stader på Labradorkysten der landskapet var annleis og gav dei vanskar med dei formene for fiske og fangst dei var vane med, og der dei beste områda for slik verksemd kanskje allereie høyrde andre til. Husvære vart det så som så med for mange, og fattigdom og alkoholisme fylgde i kjølvatnet. Mange familiar vart òg splitta opp.

I Hebron bur ingen i dag, men dei viktigaste bygga frå den gamle misjonsstasjonen står att. Det er inuittar som har sytt for det meste av vedlikehaldet.

I 2005 kom provinsen Newfoundland og Labrador med ei offisiell orsaking for flyttinga av inuittane i Hebron og Nutak, og no står eit monument i Hebron med same orsaking.


Tristan da Cunha frå lufta. Foto: Spixey/Flickr